NRK Meny
Normal

Krev betre rydding langs sporet

Vegetasjonen må vekk langs Bergensbanen for å hindra brannar. Det krev Cargonet som kjører godstog.

Tog
Foto: Knai, Vidar / SCANPIX

Bakgrunnen er brannane som starta langs toglinja i natt. Sidan i natt har Bergensbanen vore stengt mellom Voss og Mjølfjell på grunn av fleire skogbrannar.

Informasjonssjef Bjarne Wist i Cargonet seier det truleg var eitt av deira godstog som laga gnistane som førte til i alt seks brannar.

Wist seier at bremsene på togvognene av og til henger seg opp. Dette fører til at det slår gnistar ut frå understellet på toget.

- For å unngå at dette fører til brannar er det viktig at vegetasjonen blir halden nede. Generelt sett er dette noko vi ønskjer at Jernbaneverket prioriterer høgt, seier Wist.

Jernbaneverket opplyser at det er blitt løyvd meir pengar til rydding langs jernbanelinjene det siste året.

- Men det er umogeleg å gardera seg heilt. Mose og lyng kan og ta fyr, seier informasjonssjef Arvid Bårdsen i Jernbaneverket til NRK.

- For å unngå dette heilt måtte vi asfaltera langs heile Bergensbanen, seier Bårdsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.