NRK Meny
Normal

– Vi kan ikkje la folk døy på grunn av manglande mobildekning

Der Stig Hammersland fall om på veg til Gullfjellet i Bergen, var det ikkje mogleg å få tak i hjelp. No krev mannen som såg 54-åringen falla betre mobildekning i populære turområde.

Stig Hammersland og elever på tur til Gullfjellet

FEKK IKKJE TAK I HJELP: I dette området på veg til Gullfjellet fall den aktive turgåaren Stig Hammersland (54) om og døydde. Området er utan mobildekning. Etter dødsfallet gjekk elevar ved skulen Hammersland jobba på same turen for å heidra den avdøde inspektøren.

Foto: Privat / NRK

Bystyrepolitikaren, idrettsleiaren og skulemennesket Stig Hammersland var berre 54 år gamal då han 15. september fall om og døydde under ein kveldstur til Gullfjellet.

Per Henrik Lie Engelsen, som kjende Hammersland frå tidlegare, opplevde dødsfallet på nært hald.

Engelsen stoppa og snakka med 54-åringen då han trefte han på turvegen den varme septemberkvelden.

– Vi stod og snakka saman på vegen opp mot Gullfjellet, ved demninga til Svartavatnet. Så berre fall han saman, fortel Engelsen.

Per Henrik Lie Engelsen

IKKJE MOBILDEKNING: – Noko av det første som slo meg då Stig fall saman, var «her er det ikkje dekning. Kvifor akkurat her?», fortel Per Henrik Lie Engelsen.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

– Tenkte «kvifor akkurat her?»

I 2009 fall motbakkeløparen Jon Tvedt om på Gullfjellet. Då hjelpa kom fram 3,5 timar seinare, var Tvedt død.

Sju år seinare gjentok historia seg med Hammersland. 54-åringen hadde som mål å gå hundre turar til Gullfjellet i 2016. Det stoppa på 83.

Engelsen er som Hammersland godt kjend med tilhøva på den populære turen til Gullfjellet, der store område er heilt utan mobildekning.

– Noko av det første som slo meg då Stig fall saman, var «her er det ikkje dekning. Kvifor akkurat her?», fortel Engelsen.

– Ropte at folk måtte finna dekning på telefonen

Det var ikkje andre folk i nærleiken då Hammersland segna om.

Blomster og lykter til minne om Stig Hammersland på turveien til Gullfjellet

SORG: Blomar og lykter til minne om Stig Hammersland på turvegen til Gullfjellet.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Eg var åleine då det skjedde, og såg jo på han at det var alvorleg, seier Engelsen.

Etter ei stund kom fleire turgåarar til.

Då eg såg folk som kom nedanfrå, ropte eg at dei måtte finna dekning på telefonen og ringa 113, fortel Engelsen.

Hammersland døydde av hjartesvikt, og det er uvisst om livet hans kunne vore redda dersom turgåarane raskare hadde kome i kontakt med naudetatane.

Engelsen vel å fortelja om opplevinga si for å setja fokus på manglande mobildekning i populære turområde.

NRK har vore i kontakt med Hammersland sine etterlatne. Dei støttar Engelsen sitt ønskje om eit betre utbygd mobilnett der mange turfolk ferdast.

– Vi har ikkje råd til å la fleire folk omkoma på grunn av manglande dekning. Mobildekning kan avgjera liv og død, konstaterer Engelsen.

Laster kart, vennligst vent...

Gullfjellet er Bergens høgaste fjell, og er eit svært populært turmål for bergensarane både sommar og vinter.

Kommunen vil gå i samtalar med Telenor

Robert Rastad

– OPPTEKEN AV GODT MOBILNETT: Kommunaldirektør Robert Rastad.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Teknisk sett er det ikkje noko problem å få betre mobildekning på Gullfjellet. Men Telenor er ikkje interesserte i å byggja, i alle fall ikkje for eiga rekning.

– Per i dag har vi diverre ingen planar om utbetring av mobildekning i området. Utfordringa er at det manglar straum og samband. Ut frå det eg veit, vil det kosta millionar å løysa, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Bergen kommune vil heller ikkje utan vidare betala for å utbetra mobilnettet, men avviser ikkje å gå i forhandlingar med telegiganten.

– Eg vil ikkje ta stilling til Gullfjellet her og no, men vi tek gjerne ein samtale med Telenor. Frå eit beredskapsperspektiv er Bergen og nabokommunane veldig opptekne av å ha eit så godt mobilnett som mogleg, seier kommunaldirektør Robert Rastad.

Stig Hammersland

AKTIV: Stig Hammersland hadde eit stort engasjement og ei rekkje verv i Bergen.

Foto: Annbjørg Dalland / NRK

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.