Hopp til innhold

Han vil gje deg eit betre kollektivtilbod - men har ikkje råd

Fylkesrådmannen meiner at kollektivtilbodet må bli betre før innføringa av køprising om eit år, men då må han fyrst trygla staten om pengane.

Rune Haugsdal, fylkesrådmann

MÅ FÅ HJELP FRÅ STATEN: Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner at kollektivtilbodet må bli betre før innføringa av køprising om eit år.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Fylkesrådmann Rune Haugsdal må no trygla staten om pengar om han skal betra kollektivtilbodet før innføringa av køprising om eit år.

– Om vi skal redusera køane og køyringa inn til sentrum, så må vi svara med å auka det tilbodet som vi har, seier Haugsdal.

Den nye modellen for køprising i Bergen gjer at éin bompassering i rushtida vil kosta deg nesten det dobbelte av det som er i dag, noko som igjen kan føre til at fleire vel å reisa kollektivt.

– Eg trur ikkje vi har noko anna alternativ. Vi må kunne levera ut ifrå den etterspurnaden som vi trur vil kome, seier fylkesrådmannen.

I dag skal samferdselspolitikarane i fylkeskommunen seia si meining om køprisinginitiativet frå Bergen.

– Må få eit betre tilbod

Harald Schjelderup frå Arbeidarpartiet og Julie Andersland frå Venstre er to av dei som krev at fylkeskommunen stiller opp med eit betre kollektivtilbod den dagen køprising vert innført i Bergen.

Mona Hellesnes

HAR TRUA: Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes trur at fylkeskommunen skal klare å levera eit betre kollektivtilbod om eit år.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Vi må klara å stille opp med eit betre kollektivtilbod, seier dei.

På bystasjonen i Bergen studerer fylkesvaraordførar Mona Hellesnes frå Venstre rutetabellen. Ho trur at fylkeskommunen skal kunna levera eit betre kollektivtilbod om eit år.

– Eg trur vi skal klara å levera vårt bidrag inn i den situasjonen vi får, seier Hellesnes.

Meir pengar på bordet

Hellesnes meiner ein del av løysinga er å omprioritera innanfor dagens tilbod, men er klar på at meir pengar må på bordet om det store løftet skal gjerast.

– Det må vi ta med oss til våre nasjonale politikarar, seier ho.

For kort tid sidan skrudde fylkespolitikarane opp billettprisane for å kunna halda på dagens kollektivtilbod. Fylkesrådmannen er tydeleg på at fylket må ha hjelp frå staten om tilbodet skal bli betre.

– Hordaland fylkeskommune treng ein tilleggsfinansiering for å auka tilbodet, legg Haugsdal til.