NRK Meny
Normal

Forsvarar krev frifinning på fleire punkt

BERGEN TINGRETT (NRK): Aktor vil ha den overgrepstiltalte mannen (66) frå Austevoll i fengsel i åtte år. Forsvarar Gisle Didriksen krev frifinning for dei mest alvorlege punkta.

Aktor Marit Bakkevik i Bergen tingrett

UTRULEG: – At den tiltalte heldt fram med overgrep etter å ha blitt innkalla til lensmannen, er utruleg, meiner aktor Marit Bakkevik. Ho la i dag ned påstand om åtte års fengsel.

Foto: Leif Rune Løland /NRK

Mannen er tiltalt for nettovergrep mot 42 norske og 20 filippinske born i åra 2014–15.

Ifølge tiltalen instruerte austevollingen filippinske born under 14 år til å ha seksuell omgang med kvarandre i direktesende nettovergrep, gjorde opptak av direktesendingane og delte videoane med norske born.

Aktor: – Åtte års fengsel

Aktor Marit Bakkevik la onsdag ned påstand om at den overgrepstiltalte 66-åringen frå Austevoll bør dømmast til fengsel i åtte år.

I Bergen tingrett argumenterte ho at isolert sett kvalifiserer mange av overgrepa kvar for seg til høge straffer, men at ei stor samlesak som denne ikkje kan summera straffeutmåling på den måten.

– For kvart av fire fornærma born i Filippinane kunne straffa vore tre år. Sett i samanheng, og inkludert dei andre overgrepa i det landet, kunne straffa samla sett vera ni år.

Med alle overgrepa i Noreg kunne fengselsstraffa kome opp i 11–12 år, argumenterte Bakkevik i sin prosedyre. Men for saka sett under eitt, konkluderte ho med at den tiltalte bør fengslast i åtte år.

Gisle Didriksen
Foto: Leif Rune Løland / NRK

Forsvarar: – Ei heilt anna verd

Gisle Didriksen avviste aktors «reknestykke» for straffeutmåling på fleire punkt, både for borna i Filippinane og i Noreg.

– I høve til andre norske dommar er den mellombelse summeringa aktor gjorde til ei straff på 10–12 år opplagt for høg. Vi er i denne saka i ein heilt anna verd enn straffa som vart dømt til i andre saker med grove overgrep mot born. Aktors konklusjon på åtte år er for mykje.

Forsvararen trekte fram den tiltale sin personlege utfordringar som argument for strafferabatt.

– Einsemd, helseproblem og sjølvmordstankar er noko av bakgrunnen for at han søkte spenning på denne måten. Nokon seksuell tilfredsstilling er det ikkje snakk om. Og i varetekt er situasjonen hans blitt forverra.

– Min klient bør frifinnast på ei rekke av punkta i tiltalen, mellom anna når det gjeld menneskehandel og at han skal ha beordra dei filippinske borna. Ut over det bør han dømmast på mildaste måte, avslutta Didriksen.

– Han lurte ikkje borna

I retten har 66-åringen sagt at han gav instruksjonar men nekta for at han beordra borna.

Dette avviser aktor.

– Ein filologisk diskusjon om eit skilje mellom å beordra og å instruera borna, kan eg ikkje sjå er vesentleg, sa aktor Bakkevik i tingretten onsdag.

Didriksen meiner dei filippinske borna ikkje vart «narra» i juridisk forstand..

– Borna ser ikkje ut til å ha blitt lurt. Den tiltalte meiner borna har vore med på slike ting tidlegare, og at borna godt visste kva dei skulle gjera. Borna står fram ikkje som dei har motførestellingar mot det dei gjer på opptaka. Då kan ein ikkje seia at dei er overtalt av den tiltalte til noko dei elles ikkje ville vera med på.

Han meiner klienten hans ikkje kan straffast for å ha starta bruken av dei filippinske borna til seksuelle overgrep, fordi det var bornas foreldre som organiserte overgrepa.

– Foreldra var på tilbodssida. Den tiltalte var på mottakarsida, sa Didriksen i sin prosedyre.

PC brukt til nettovergrep i Filippinane

FILIPPINANE: Framfor denne PC-en måtte borna kle av seg og utføre seksuelle handlingar på kvarandre.

Foto: NBI

Delvis erkjenning

Då saka mot han starta, erkjente austevollingen delvis straffskuld, men nekta straffskuld for fleire av de mest alvorlege punkta.

I løpet av rettssaka har han i større grad vedgått straffskuld knytt til overgrepa mot norske jenter. Dette grunngav han tysdag med at han ikkje trur han når fram med sitt standpunkt i retten.

Aktor Bakkevik kallar det ei erkjenning av straffskuld med stort atterhald.

Politiet greip ikkje inn

Tidlegare har den tiltalte vore fengsla i fem månadar i 2013 for å ha oppbevart nesten 100.000 overgrepsbilete av born og 725 filmar med seksuelle overgrep av born.

Sommaren 2015 vart han pågripen på ny. NRK har i haust avslørt at politiet hausten 2014 let vera å etterforska eller arrestere mannen trass i fleire bekymringsmeldingar frå innbyggjarar i Austevoll. Etter fleire uromeldingar kalla lensmannen i Austevoll mannen inn, men starta inga etterforsking då.

Lensmann Per Nordstrand har til NRK forklart at mannen avviste uromeldingane som grunnlause.

Overgrep etter uromeldingane

Først då ein tilsett hjå nettstaden Moviestarplanet oppdaga at 66-åringen under falsk profil prøvde å lokka born over til andre nettsider der dei kunne utveksla bilete, aksjonerte Kripos.

Overgrepssikta 66-åring frå Austevoll

62 BORN: Måndag 31. oktober starta rettssaka mot austevollingen som er tiltalt for overgrep mot 62 born.

Foto: Privat

Sommaren 2015 fann lokalt politi 166.084 bilete og 1476 filmar med svært grove overgrep mot born i mannens bustad i Bergen og i Austevoll.

Tiltalen retten nå skal ta stilling til, er i stor grad nettovergrep som har skjedd etter at politiet hadde fått bekymringsmeldingane hausten 2014.

– Utruleg at han heldt fram

Gjennomgangen av overgrepsmaterialet har vist at det er snakk om 81.108 unike bilete og 883 unike filmar.

– Det er utruleg at tiltalte heldt fram med overgrepa etter han vart innkalla til lensmannskontoret, sa aktor Bakkevik i sin prosedyre i dag.

– At han ikkje avslutta overgrepa etter å ha fått ei så klar åtvaring, men heldt fram i åtte månadar inntil han vart pågripen, tyder på at det finst ei sterk drift i han framleis å ha seksuell kontakt med born.

Aktor la ikkje ned påstand om erstatningskrav til dei fornærma.

– Dom fell i saka innan 6. desember, og dommen blir forkynt i fengselet, seier dommar Karstein Rye.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017