Normal

Krev at Christoffersen går av

Bergens Tidende ber i dag om at Frp-byråd Øistein Christoffersen går av.

Bakgrunnen til utsegnet er Christoffersen si samanlikning mellom integreringspolitikk og det å oppdra hundar.

Fem opposisjonsparti i bystyret har no varsla at det kan verta aktuelt å støtta eit framlegg om mistillit mot byråden.

Øistein Christoffersen

OPPSIKTSVEKKJANDE: Frp-byråd Øistein Christoffersen meiner at innvandringspolitikk og hundeoppdragelse kan samanliknas.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Mangel på dømekraft

Avisa meiner at han har avslørt haldningar og mangel på dømekraft som ikkje kan kombinerast med arbeidet som byråd.

Frp-byråd Øistein Christoffersen si samanlikning mellom integreringspolitikk og det å oppdra hundar vekker oppsikt.

Dyr samanlikning

- Vi må sørge for at de som er her blir integrert på en skikkelig måte. Det inkluderer opplæring i både språk og hvordan vårt samfunn fungerer. Det handler om grensesetting, og er ikke annerledes enn å oppdra barn eller hunder.

Fem opposisjonsparti i bystyret har no varsla at det kan verta aktuelt å støtta eit framlegg om mistillit mot byråden.