NRK Meny
Normal

Kreftsjuk fylkesordførar fekk inntekta halvert

Anne Gine Hestetun (Ap) risikerer å få halvert inntekta medan ho er sjukmeld. No vil kollegaene truleg tre støttande til.

Anne Gine Hestetun

HALVERT INNTEKT: Fylkesordføraren i Hordaland er som ordførar ikkje formelt tilsett. Ho betalar for eigen kreftmedisin og risikerer 700.000 kroner mindre som sjukmeld.

Foto: Christian Lura / NRK

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) har hatt brystkreft i snart seks år.

Like før julaftan i fjor vart ho operert i veslehjernen, som medførte at ho måtte sjukmeldast frå stillinga som Hordalands fremste folkevalde.

Men sidan ordførarar får betalt i godtgjersle, og ikkje blir behandla som ein ordinær arbeidstakar, fall ho mellom to stolar.

Politikarar står utan rettar

Fylkesordføraren som for tre år sidan var avhengig av gåstol og som sjølv betalar for kreftmedisinen ho er avhengig av, visste ikkje at ho risikerte å tapa nesten 700.000 kroner i året viss ho blei sjukmeld.

– Det kom som lyn frå klar himmel, seier Hestetun til NRK.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap)

KREFTSJUK: Anne Gine Hestetun har vore kreftsjuk sidan 2011. No betalar ho sjølv utgiftene til ein kreftmedisin staten ikkje vil betala for.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I dag er det nemleg ingen reglar som garanterer at politikarar skal få dekt inntektstap ved sjukdom, slik vanlege arbeidstakarar får.

Ein kommune i Møre og Romsdal sende i 2013 krav til Nav Forvaltning om å få betalt tilbake sjukepengane dei hadde utbetalt til ein sjukmeld ordførar, men etaten sa nei.

Saka gjekk til Høgsterett (ekstern lenkje), som i mars i fjor slo fast at ein ordførar er valt inn, ikkje tilsett, og har difor ingen arbeidsgjevar i vanleg forstand.

Kommunen fekk difor ikkje tilbake sjukepengane dei hadde utbetalt til ein ordførar som per definisjon ikkje var arbeidstakar.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal

SVAKHEIT I RUTINANE: Fylkesrådmann Rune Haugsdal har bede politikarane gje Hestetun kompensasjon for tapt inntekt medan ho er sjukmeld.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hol i lovverket

Denne poengteringa av lovverket er enno ikkje regulert i Hordaland fylkeskommune sitt reglement.

– Dette er ein svakheit som me forsøker å kompensera for. Me har eit hol i våre rutinar lokalt, seier Rune Haugsdal, fylkesrådmann i Hordaland.

Det er eit hol i systemet som i utgangspunktet ville fått store økonomiske konsekvensar for Hestetun.

For fylkesordføraren medfører reglane at ho etter dei første 16 dagane av sjukemeldinga må venda seg til Nav for å få pengar. Der får ho maksimalt utbetalt 555.446 kroner i året, tilsvarande 6G.

Det er under halvparten av det Hestetun har i årleg godtgjersle som fylkesordførar. Med ei årleg inntekt på 1.206.000 kroner ville det utgjort eit inntektstap på nesten 700.000 kroner.

Anne Gine Hestetun

TAKKSAM: Anne Gine Hestetun set stor pris på initiativet frå fylket. Bilete er teke i starten av desember i fjor, bør fylkesordføraren blei sjukmeld.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eit menneske som blir sjuk, har framleis sine forpliktingar. Det kan vera ulike meiningar om løn, men vårt utgangspunkt er at det livsgrunnlaget ein har ikkje skal endrast når ein blir sjuk, seier Haugsdal.

Klar tale frå kollegaene

Fredag vedtek truleg fylkestinget å betala differansen mellom ordførargodtgjersla og pengane ho får frå Nav i perioden ho er sjukmeld.

Hestetun sjølv, som er sjukmeld fram til 1. april, set stor pris på måten administrasjonen har teke fatt på situasjonen.

– Dette er ikkje noko eg har fremja. Eg er glad for det fylkeskommunen har fått til medan eg har vore vekke, seier Hestetun.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås