Hopp til innhold

Krasja med politiet i Årstadveien

To personar til Haukeland etter kollisjon på Årstad i Bergen.

Ulykke i Årstadveien

KOLLIDERTE MED UTRYKKINGSKØYRETØY: Den vesle personbilen kolliderte med eit av politiets utrykkingskøyretøy.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Ein bil hamna på sida etter å ha kollidert med eit av politiets utrykkingskøyretøy i Årstadveien i Bergen.

Vitne fortel til NRK at politiet var på utrykking med blålys, då bilen small i hop med ein personbil like ved Odontologen.

Det kom først meldingar om at ein eller fleire personar var fastklemde, men brannvesenet seier dei meldingane ikkje stemte.

To personar til Haukeland

Meldinga om ulukka kom inn klokka 12.14.

Det var tre personar og to hundar i personbilen, to av personane er sendt til akuttmottaket på Haukeland medan den tredje personen kom uskadd frå kollisjonen, opplyser politiet i ei pressemelding.

Ingen i politibilen vart skadd.

Den eine av dei to hundane er sendt til veterinær medan den andre stakk av frå ulukkesstaden.

Spesialeininga varsla

– Skadeomfanget til dei to som er sendt til Haukeland er ikkje kjent. Det er for tidleg å seia no, seier innsatsleiar Kasper Kaland til NRK.

Spesialeininga for politisaker er rutinemessig varsla om ulukka.

Created by InfoDispatcher