Hopp til innhold

Krasja i narkorus

Ein nordfjording i 50-åra er dømd til 40 dagar fengsel og mister førarkortet i to og eit halvt år etter eit trafikkuhell i fjor sommar. Politiet meinte mannen var rusa under køyreturen, og også brukte narkotika i etterkant sjølv om han burde forstått at politiet ville etterforske uhellet. Mannen vart også dømd for skadeverk og må betale 10.000 kroner i bot.