NRK Meny
Normal

Kranbil sklidd av vegen – hus evakuert

Ein kranbil på 25 tonn har rulla utfor vegen og ned ein skråning på Gyldenpris i Bergen. – Trillar den vidare går den tvers gjennom stova mi, seier ein av dei evakuerte.

Her blir kranbilen løfta i tryggleik.

SJÅ VIDEO: Her blir kranbilen løfta i tryggleiken. Bebuarane i Lien 30 kan returnera til heimane sine.

Meldinga kom inn til politiet like før klokka 18.00 onsdag kveld. Det var ingen personar i kranbilen eller i nærleiken då den byrja å trilla utfor Nordre Skogvei på Gyldenpris i Bergen.

– Det er litt uvisst kva som har skjedd. Kranbilen har utført noko arbeid i Nordre Skogvei, men har no hamna i ein skråning ned mot Lien.

Kranbilen står i ro i skråninga men har stø kurs mot Lien 30. Politiet har difor vald å evakuere seks leilegheiter med 7–8 personar totalt.

– Er på veg inn i stova mi

Kim Erik Olsen

MÅTTE EVAKUERE: Kim-Erik Olsen (28) saman med sonen sin er evakuert frå leilegheita si.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Ein av dei evakuerte er 28 år gamle Kim-Erik Olsen. Han bur i første etasje på bygget, og er såleis den som står i størst fare for å få kranbilen gjennom leilegheita.

– Den ligg mest utsett til ja. Om den rullar vidare no så går den tvers gjennom stova mi, seier Olsen som flytta inn for under ei veke sidan.

– Såleis er jo dette ein ganske dårleg start. Men leilegheita er under oppussing, kanskje må eg starte heilt frå starten, ler Olsen.

Må fjerne bilar for å heve kranbilen

På grunn av dårleg plass må politiet få fjerna ein eller fleire bilar for å koma til med bergingsbil. Arbeidet med å løfta den 25 tonn tunge kranbilen er straks i gang, får NRK opplyst av politiet på staden.

– Vi har fått kontakt med firmaet. Dei er også på staden. No får vi gjera den sikringa som trengst, så får vi heller snakke med dei etterpå, seier operasjonsleiar Rebnord.

Bergingsbil på plass

BERGINGSBIL PÅ PLASS: Ein bergingsbil frå Viking er no på plass og jobbar med å få kranbilen opp frå skråningen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Får flytta inn igjen

Klokka 21.00 får NRK opplyst at kranbilen er tatt opp att igjen og sikra for natta.

- Den er kome på trygg grunn og vi parkerer den for natta. I morgon går vi igong med tekniske undersøkingar for å finne ei årsak til kvifor den byrja å trille, forklarar operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Ingen har nokon god forklaring på kvifor kranbilen hamna i skråningen.

- Men dette hadde jo eit potensielt stort skadepotensiale. Så vi får sjå om vi opprettar sak og kva etterforskinga då vil syne.

Han bekreftar at dei som bur i leilegheitane i Lien 30 no kan returnera til heimane sine.

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.