Hopp til innhold

KRANBIL RULLA UKONTROLLERT:

I Nordre Skogvei på Gyldenpris i Bergen har ein kranbil rulla ukontrollert ned ein skråning. – Den skal vera på kring 20 tonn, og den har på ein eller anna måte kome ned mot Lien, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK. Politiet har evakuert tre leilegheiter i Lien 30, som ligg under skråninga der kranbilen har hamna utfor. Bergingsbil er på staden for å få den tunge kranbilen opp igjen på vegen.