NRK Meny
Normal

Denne krana har kutta straumen i Os

Ei kran velta over og reiv ned ein høgspentleidning i Os. Det førte til at 1200 hustandar mista straumen.

Kran velta i Os

STRAUMBROT: Krana har rive ned delar av ei høgspentleidning i Strønovegen på Os. Straumen har gått i området Askvik.

Foto: Varde Media

Politi og brannvesen fekk melding om hendinga kring klokka 11.45. Den første meldinga gjekk ut på at ein lastebil hadde køyrt i ein lyktestolpe i Strønovegen.

Då dei kom fram på staden viste det seg at ei kran hadde rive ned ein høgspentleidning inne på eit anleggsområde. Ingen personar kom til skade i hendinga.

Straumen vekke

BKK vart raskt varsla medan brannvesenet kontrollerte. Dei har no klarert og reist frå staden.

Straumselskapet melder på sine nettsider at straumen no har gått i området Askvik i Os. Dei jobbar med å rette feilen.

- Det var 1185 kundar som ei stund var utan straum. Dei fleste er no overført til eit nærliggande straumnett, fortel kommunikasjonsrådgjevar i BKK, Anne Mette Tuvin til NRK.

Kring 30 kundar i Strønovegen står framleis utan straum, men Tuvin fortel at BKK jobbar med å rette skadane i trafoane som vart ramma av kranvelten.

- Det vil ta kring to timar før dei har straum igjen.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.