Kraftige reaksjonar om utviklingshemma sprøytemisbrukar

– Når ein utviklingshemma i eit kommunalt bufellesskap er i eit tungt rusmiljø, tyder det på at kommunen ikkje har gjort jobben sin, meiner leiaren i Norsk forbund for utviklingshemma.

Nina Mevold (t.h.) og mora til utviklingshemma kvinne

HASTEMØTE: Kommunaldirektør Nina Mevold (t.h.) var blant dei mange byråkratane som i møtet hjå fylkeslegen onsdag møtte mor til kvinna (foran).

Foto: NRK Hordaland

I juni flytta Bergen kommune ei ung kvinne frå ein mellombels bustad med forsterka bemanning til eit anna bufellesskap med mykje mindre bemanning.

Sidan har ho hamna permanent i eit hardt rusmiljø, og rusar seg dagleg med sprøyter. I lange periodar har ho vore borte frå bufellesskapet.

Mora kallar det kommunal omsorgssvikt, men saka handlar også om kor grensene går for omsorgsplikt og tvang i høve til ein vaksen, myndig person med autisme og lett utviklingshemming.

Kommunen seier kvinna har avvist den hjelpa ho treng og har tilbod om.

– Skjuler seg bak fri vilje

Fleire reagerer på det som har kome fram.

– Dette er ein sterk indikasjon på at kommunen ikkje har gjort jobben sin, seier leiar Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemma.

Leder i Norsk forbund for utviklingshemmede, Jens Petter Gitlesen

HJELP TIL Å VELJA RETT: – Det å ikkje gi tenester fordi mottakaren ikkje vil ha dei, er å hoppa bukk over ansvaret sitt, seier leiar Jens Petter Gitlesen i Norsk forbund for utviklingshemma.

Foto: NRK

Han kjenner ikkje saka inngåande, men uttalar seg på generelt grunnlag.

Gitlesen hevdar at omsorgstenesta i kommunane i lita grad gir folk støtta dei treng for å ta gode val.

– Alle har sjølvråderett, men alle har ikkje mental kapasitet til å ta fornuftige avgjerder. Det å ikkje gi tenester fordi mottakaren avviser det, er for enkelt.

– Når ein kommune viser til den frie viljen til brukaren, hoppar dei bukk over ansvaret sitt. Dei viser til individuell fridom og gjer det til skjulestad for at dei har svikta i omsorga.

– Risikoauke er problematisk

Jusprofessor Bjørn Henning Østenstad ved Universitetet i Bergen har forska på omsorg og sjølvråderett i høve til utviklingshemma. Han er leiar for det regjeringsoppnemnde Tvangslovutvalet.

Bjørn Henning Østenstad

RISIKOAUKE: Jusprofessor Bjørn Henning Østenstad stiller spørsmål ved om kvinna får dei nødvendige helse- og omsorgstenestene som ho har krav på etter lova.

Foto: UiB

– Det er djupt problematisk viss kommunen endra tenestetilbodet slik at risikoen for livet og helsa hennar auka ved at ho blei trekt sterkare inn mot eit farleg rusmiljø, seier Østenstad.

Han seier det reiser spørsmål ved om ho har fått tenestene ho treng og har krav på etter lova.

– Ein kan ikkje redusera tilbodet og så etterpå bruka tvang for å hindra skade. Tilretteleggande tiltak skal førebygga tvangsbehov.

– Ho får gode tenester

Etatsdirektør Ole-Daniel Virkesdal i Etat for tenester til utviklingshemma har svara slik på utsegnene frå Østenstad og Gitlesen:

«Premissene de bygger sine utsagn på er ikke korrekte. Det har i lengre tid vært brukt og brukes mye ressurser på å gi henne faglig gode tjenester. Vår faglige vurdering er at brukeren får gode tjenester i bofellesskapet hun er i nå. Det er ikke endring i botilbudet som har økt risikoen for rusmisbruk, men endringer i hennes omgangskrets».

Fylkeslege Helga Arianson har ikkje vurdert eller konkludert om det tilbodet kvinna har hatt.