Kraftig, svart røyk frå kjellar

Brannmannskap har starta slukking av ein brann i ein kjellar i Adolph Bergs vei i Bergen. – Kraftig, svart røyk kjem ut frå kjellaren. Røydykkarar er på veg inn, medan mannskap forsøker å ta seg inn eit kjellarvindauge på baksida, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik i 100-sentralen i Hordaland. Den treetasjers murblokka ligg på Sletten.