Hopp til innhold

Kraftig vind i Bergen – tre trefte bil og straumlinjer

Kraftige vindkast har ført til tre treveltar på kort tid. Politiet ber folk ta forholdsreglar.

Trevelt ved Årstad kirke

KRAFTIG VIND: Mykje vind i Bergensområdet har ført til fleire treveltar søndag ettermiddag. Her frå Jonas Lies veg, i nærleiken av Årstad kirke.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Like før klokka 12.30 søndag ettermiddag melde politiet om eit stort tre som låg velta like ved Landåshallen i Bergen.

Ingen personar vart skadd.

Laster Twitter-innhold

Klokka 15 har eit nytt tre velta, denne gongen i nærleiken av Årstad kirke. Treet trefte straumlinjer og ein parkert bil, men heller ikkje her vart nokon personar skadd.

– Det er tydeleg at det bles. Vi oppfordrar folk til å sikre lause gjenstandar, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Endå ein trevelt

BKK opplyser at eitt hus er straumlaust som følge av trevelten ved Årstad kirke.

– Vi har to montørar på staden som skal sjå på og reparere skadane, seier Anne Mette Tuvin i BKK.

Trevelt ved Årstad kirke

FØRTE TIL STRAUMSTANS: Treet som velta i nærleiken av Årstad kirke trefte straumlinjer og ein bil, men ingen personar vart skadd. BKK opplyser at eitt hus er straumlaust som følge av hendinga.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Klokka 15.45 melder brannvesenet om endå eit tre som har velta, denne gongen over eit garasjetak i Ulsetskogen i Åsane.

– Vi har rydda på staden og fjerna treet. Det er truleg ikkje snakk om store skadar på garasjen, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen ikkje lenge etter at meldinga kom.

– Haust-lågtrykk

På målestasjonen ved Florida i Bergen er det målt middelvind på 9 meter i sekundet.

– Det høyrest ikkje så ille ut, men det er kraftige vindkast som gjer at det er mykje vind likevel. Det kraftigaste kastet er målt til 18,6 meter i sekundet, seier vakthavande meteorolog Hanne Beate Skattør ved Meteorologisk institutt.

Trevelt ved landåshallen

HAUSTSTORM: Dette treet velta utanfor Landåshallen søndag føremiddag.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Vêrmeldinga for søndag fortel om stiv til søraust stiv kuling på kysten.

– Då bles det også godt litt inn frå kysten. Når vinden kjem frå søraustleg retning, blir det ofte slike kraftige vindkast, seier Skattør.

Ho oppfordrar folk til å vere oppmerksame når ein ferdast ute.

– Bruk sunn fornuft! Når det bles mykje er det lurt å sikre lause gjenstandar. Men det har jo begynt å bli haust no, og kanskje var ein ikkje heilt førebudd på desse haust-lågtrykka endå.

Meir vind i vente

Ut over veka er det meir vind i vente, fortel meteorologen.

– Det er ein tropisk storm, «Helene», som no ligg i Atlanterhavet. Den er på veg til våre breiddegrader, men vil nok avata i styrke før den kjem fram. Men det blir nok ein del vind frå onsdag kveld, og det kan bli storm, seier Skattør.

Laster Twitter-innhold