Hopp til innhold

I natt fekk nesten heile landet sjå nordlys

Folk som vanlegvis ikkje ser så mykje til himmelfenomenet, kunne nyta nordlyset i natt. – Ei heilt fantastisk oppleving.

Nordlys over Farstad i Fræna i Møre og Romsdal
Foto: Åse Grete Farstad / 03030-tipser

– Det var heilt fantastisk å få oppleva nordlyset inne på stille og mørke Gåssand, samstundes som brunstbrøla frå hjorten ljoma inne frå skogen, seier Svendal om naturopplevinga.

Det seier Jan Petter Svendal, som har knipsa eit av bilete i toppen av saka. Det er tatt på Gåssand i Os kommune i natt.

NRK har fått fleire bilete frå folk som har vore ute i naturen og kost seg med nordlyset i natt. Det grøne lyset har leika seg på himmelen heilt frå områda rundt Tromsø til langt sørover i både Norge og Europa.

Innbyggjarar på både Vestland og Austlandet, samt København og Nord-England kunne sjå svært høg nordlysaktivitet i natt.

Optimale forhold

Vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestland seier det var optimale forhold for nordlys seint i går kveld og i natt.

– Det har vore klart på nattehimmelen og då ligg alt til rette for ei god oppleving. Nordlys blir ikkje påverka av forhold i atmosfæren, så det som skal til er skyfri himmel.

For vestlendingane som gjekk glipp av dette i natt, er det diverre dårleg nytt. Slik helgevêret ser ut skyar det nemleg til.

– Så det var denne natta som definitivt var best til å observere lyset her i vest. Det kjem til å skye til utover fredagen, melder Fagerlid.

Her er fleire bilete av nordlyset som folk har knipsa på Vestlandet i natt: