Hopp til innhold

Kraftig medvind for Høgre

Høgre har tatt over 91 000 veljarar frå Arbeiderpartiet sidan valet i 2009.

Partibarometer februar 2011

Klar framgang for Høgre frå januar til februar i partibarometeret som Norstat har laga for NRK.

Erna Solberg

Sterk framgang for Erna Solberg og Høgre.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Det viser partibarometeret til NRK for februar, som er laga av Norstat.

Sidan valet i 2009 har Høgre gått fram åtte prosent, og Arbeidarpartiet har gått tilsvarande tilbake, ifølgje målinga.

– Politikken fungerer ikkje

– Grunnen er at Arbeidarparti-politikken ikkje fungerer, seier Høgre-leiar Erna Solberg, som er godt nøgd med å kapra framtidige røyster frå regjeringspartiet.

Ho meiner partiet framstår som mer gammaldags, mindre opptatt av å finna løysingar på ting og ideologisk bundne av venstresida sine løysingar. Det trur Solberg at veljarane ikkje likar.

– For oss er det er veldig hyggeleg, seier Solberg.

Partibarometer

Tabellen frå Norstat viser endringar frå januar til februar. Feltperiode 8.2 til 14.2 N=633.

Også andre ferske målingar har vist sterk framgang for Høgre.

– Ikkje fornøgd

Raymond Johansen

Raymond Johansen likar ikkje å tapa veljarar.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Partisekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet er ikkje nøgd med at dei taper veljarar.

– Vi likar ikkje å tapa veljarar til nokon parti, seier Johansen.

Han trur forklaringa kan vera at Høgre snakkar meir om saker som opptar Arbeidarparti-veljarar, for eksempel velferd.

– Det kan vera at Høgre-veljarar snakkar meir om velferd no, seier Johansen.