Hopp til innhold

Medlemsjukset fører til medlemsvekst

Nesten alle som vart ulovleg registrert i den katolske kyrka i Bergen, seier dei gjerne vil stå oppført som medlem.

St. Pauls kirke

FULLT: St. Paul er ei av fleire katolske kyrkjer der det er stappfullt.

Foto: Wikipedia commons

– Vi kan ende opp med fleire medlemmar etter oppryddinga, seier soknepresten.

Arbeidet med å rydde opp etter medlemsjuks kan føre til ei kraftig auke for den katolske kyrkja. Fylkesmannen har kravd at kyrkja sjekkar ut alle som er meldt inn etter 2010, om dei er innmeld mot sin vilje.

Stefan Bivand

VEKST: Stefan Bivand som jobbar i kyrkjelyden i St. Paul kyrkje seier at på ti år har kyrkja gått frå fire gudstenester til åtte kvar einaste søndag.

Foto: Anders Ekanger

– Dei aller fleste av dei som blir kontakta, ønskjer å bli verande medlem, seier sokneprest Alois Brodersen i St. Paul kyrkje i Bergen.

Sprengt kapasitet

Stefan Bivand som jobbar i kyrkjelyden i St. Paul kyrkje viser oss inn i kyrkjerommet der ein på ti år har gått frå fire gudstenester til åtte kvar einaste søndag.

– Kyrkja si kapasitet til å ha gudstenester er sprengt, seier Bivand.

Etter at Noreg opna grensene for arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa har medlemstalet i den katolske kyrkja eksplodert her i landet.

– Vi får ein stor medlemsmasse, men det er vanskeleg å nå ut med informasjonen at dei må registrere seg, seier Bivand.

70.000 registrert ulovleg

Så vanskeleg har det vore at kyrkja har innrømt at dei tok snarvegen og registrerte innvandrarar frå katolske land som medlemmer utan å spørje dei. Dette skal ha pågått sidan 2010, og kan dreie seg om 70 000 medlemmer. Berre i Bergen er det rundt 2000.

– Vi jobbar intenst med å rydde opp i registreringane, seier sokneprest Brodersen.

Utvikling i katolsk kirke

STOR AUKE: Talet på katolikkar har vakse veldig sidan 2004.

Foto: NRK.no

Og medan aktivitetane i St. Paul kyrkje har gått sin gang, har kyrkjelyden i eit par veker prøvd å ringa til alle som kan vera ulovleg registrert. Svaret kyrkja får tilbake har vore overveldande.

– Opp mot 95 prosent svarer at dei er katolikkar og at dei ønskjer å vere registrert i Noreg, seier Brodersen.

Fleire registrerte medlemmar

I tillegg til at dei fleste faktisk vil vera medlemmar, får også kyrkja hjelp av desse til å finna fleire potensielle medlemmar.

– I denne prosessen finn vi omtrent like mange som ikkje har vore registrert før, men som seier at dei vil vere katolikkar. Det kan føre til at vi ender opp med fleire registrerte medlemer enn då vi byrja, seier soknepresten.

Fylkesmannen i Oslo og Akershus har gitt Den katolske kyrkja frist til neste fredag med å leggje fram reelle medlemslister.