Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter brann i Fana

Ein mann er sendt til sjukehus med brannskadar etter ein kraftig brann i ein einebustad. – Huset er heilt utbrent, seier brannvesenet.

Brann i einebustad i Fana

FULL FYR: Det var store flammar og mykje røyk på staden.

Foto: Bergen foto og media

Like før klokka 18 søndag kveld fekk politiet melding om brann i ein bustad i Fana i Bergen.

– Vi har fått inn fleire meldingar om at det er full fyr i huset, seier operasjonsleiar Terje Magnussen.

Ein mann kom seg sjølv ut av huset. Han har bekrefta at det ikkje er fleire personar inne.

– Mannen vart først tatt hand om av naboar, og er no sendt til Haukeland sjukehus. Han har brannskadar, mellom anna på armane, seier Magnussen.

Søndag kveld opplyser Helse Bergen at mannen, som er 58 år gamal, er alvorleg skadd.

– Ikkje mykje å redde

Huset var overtent då naudetatane kom fram. Klokka 19.46 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

– Flammane er slått ned og mesteparten av røykutviklinga har gitt seg. Vi vil vere på staden og drive ettersløkking heile natta, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Ronald Drotningsvik.

Han fortel at huset er nedbrent, og at det ikkje var mykje å redde.

– Våre mannskap har heldt seg litt på avstand, fordi det er nokre gassflasker på eigedomen. Det vil bli ei kontrollert nedbrenning, seier Drotningsvik.

Høge flammar

Både ambulanse og politi observerte høge flammar og kraftig røyk på veg til staden.

– Det har gått fort frå vi fekk melding til huset var overtent. Det er dårleg med vatn i området, men vi har hatt tre tankbilar i skytteltrafikk, seier Drotningsvik.

Det har ikkje vore fare for at brannen skal spreie seg, då huset ligg eit stykke frå andre bygg.

Laster Twitter-innhold

Fanafjellsvegen vart stengd som følge av brannen, men er no open for fri ferdsel.