Barn ned i 13-årsalderen kjøper hasj gjennom sosiale media som Facebook, og problemet vert stadig større.
– Det er veldig urovekkjande, seier leiar Tone Loftesnes Kornli i ungdomsseksjonen ved Bergen politistasjon.
Avdelinga hennar jobbar mellom anna for å hindre narkobruk hjå barn og unge under 18 år i Bergen. Til no i år har dei hatt mykje å gjere.
Dobbelt så mange saker
For det vore ei kraftig auke i talet på slike saker. 34 saker er etterforska av politiet, mot 13 i same periode i fjor.
– Vi har mellom anna etterforska 15-åringar som sel til yngre og eldre personar. Vi har også etterforska saker som involverer barn ned i 13 år.
Kornli fortel at det er ungdommar frå alle sjikt i samfunnet.
– Det er ungdommar som er veldig flinke på skulen med gode karakterar, og så er det andre ungdommar som slit meir.
Sel hasj på Facebook
Sakene handlar hovudsakleg om bruk og sal av hasj og marihuana. Men ifølgje Kornli er det ikkje lett å få full oversikt over miljøet.
Mesteparten av salet skjer gjennom sosiale media, og det gjev politiet ei utfordring.
– Det kan føre til at vi kanskje har ein del fleire mørketal enn det vi veit om, slår Kornli fast.
– Større moglegheiter for unge
Marit Grung er leiar for uteseksjonen i Bergen kommune. Ho fortel at dei dagleg treff ungdommar på Bystasjonen i Bergen, mange av dei er i faresona for å byrje med misbruk av narkotika.
Grung trur auken i talet på narkosaker ikkje nødvendigvis tyder at omfanget er større enn før. Men ho meiner sosiale media har endra noko.
– Sosiale media er ein kommunikasjonsform hjå unge. Det er større moglegheiter i dag for ungdom å skaffe seg rusmiddel utan å forlate sitt eige rom, seier Grung.
Engstelege
– Dei ungdommane vi har hatt kontakt med i år, er vel ikkje direkte ungdom som vi finn i Nygårdsparken. Dette er ungdommar som er på andre arenaer, fortel Kornli i politiet.
– Fryktar dykk at desse ungdommane kan hamne der til slutt?
– Ja, det er vi engstelege for. Derfor nyttar vi alle midlar vi kan, slik at vi får snakka med dei ungdommane vi er bekymra for, svarar Kornli og legg til at dei har eit godt samarbeid med foreldra til ungdommane dei kjem i kontakt med.