I Bergen har talet på påstigingar på buss og bybane auka kraftig i mange år. Heile 44 prosent fleire steig på buss eller bane i 2014, samanlikna med 2010, syner kollektivmeldinga til Hordaland fylkeskommune.
– Mykje av auken skuldast bybanen. Men også mobilbillett, betre informasjonssystem og rutenett, samt stamruteinføringa har bidrege til dei gode resultata, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H).
Buss og bane aukar i heile Hordaland
AUKE I KOLLEKTIVTRAFIKKEN: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) er svært fornøgd med at talet på kollektivreisande går opp i heile fylket.
Foto: Sølve Rydland / NRKOg for fyrste gong på mange år kan Nilsen også glede seg over ei auke i talet på kollektivpassasjerar i heile Hordaland.
Dei siste åra har det vore ein stagnasjon i reisetala i distrikta. Men kollektivmeldinga til Hordaland fylkeskommune syner no at både Sunnhordland, Voss og Hardanger i fjor hadde ein passasjervekst på over tre prosent.
– Det nye i 2014 var at me faktisk har framgang i heile fylket. Der har det vore små tal opp og ned tidlegare, men no er det ei tydeleg trend oppover, seier han.
LES OGSÅ:
Fleire tek buss enn før
FLEIRE VEL BUSS: talet på påstigingar på buss aukar i heile Hordaland.
Foto: NRKTotalt blei det målt 52,2 millionar påstigande på buss og bybane i Hordaland i 2014. Det er ei auke på 2,7 prosent frå 2013 til 2014.
I Bergen blei det registrert omkring 39 millionar påstigingar i 2014, ei auke på 3,2 prosent frå året før.
Størst auke i påstigande på buss ser ein i Nordhordland, der 3,5 prosent fleire nytta seg av busstilbodet, samanlikna med året før.
– Dette betyr mykje. I ein del område vert det sjeldan køyrt fulle bussar, det er dyrt å ha bussruter og for kvar ekstra passasjer blir tilbodet tryggare. Det blir lettare å sørge for at bussen held fram med å gå, seier Nilsen.
LES OGSÅ:
Skuldast til dels folkevekst
Folketalet i Hordaland stig, og innan 2035 vil talet på hordalendingar ha stige med om lag 160.000 frå i dag, ifølgje folketalsprognosen til Hordaland fylkeskommune som blei lagt fram sist veke.
Noko av auken i kollektivtransporten, kan skuldast folkeauken, seier Nilsen.
– Eg trur me skal innrømme at når det gjelder for Hordaland utanfor bergensområdet, så er ikkje veksten høgare enn me kunne forvente. Men det er heldigvis slik at me også har mykje vekst i kollektivtrafikken i dei områda der det ikkje er mykje folkevekst, seier Nilsen.
LES OGSÅ:
Tabellen syner trafikkstatistikk for buss i Hordaland i 2013 og 2014. Kjelde: Kollektivmeldinga til Hordaland
Foto: Bergen kommune