– No må de flytte dykk, for her kjem eg!

Gjestene på hotellterrassen i Bergen fekk seg ei uventa overrasking då ein veteranbåt la leia inn i terrassen.

båt kræsja i Vågen

VETERANBÅT MØTTE VEGGEN: Gjestene på hotellterrassen i Bergen fekk seg ei overrasking då båten dei såg komme nærmare og nærmare, ikkje stoppa. Til høgre, Jennifer Lechner, kurs og konferansesjef på Clarion Hotel Admiral.

Foto: Jennifer Lachner

Ein veteranbåt fekk problem med styringa i Vågen i Bergen i dag, og krasja rett i gjerdet til Clarion Hotel Admiral.

– No må de flytte dykk, for eg er på veg inn!, ropte kapteinen på båten før han krasja i gjerdet, fortel Jennifer Lechner, kurs og konferansesjef på hotellet.

– Eg var på jobb i skranken, og gjekk ut av selskapslokalet ved sidan av terrassen. Akkurat i det eg opna døra såg eg ein svær båt. Så høyrde eg smellet, seier Lechner.

Fleire gjester var samla på terrassen for å nyte det milde vêret. Då ein båt byrja nærma seg hotellet trudde båten berre skulle legge til kai. Men det skulle den ikkje.

– Båten kom berre nærmare og nærmare kaien. Gjestene sat jo like godt, og følgde med. Men det var før kapteinen byrja rope til dei. «No må de flytte på dykk!»

Gjestene heldt på plassane heilt til båten var nesten inne ved kai, før dei så smått forlét borda sine.

– Då høyrde me smellet. Eg trudde nokon laga litt liv på verandaen og spratt ein champagnekork, seier Lechner.

Ein veteranbåt på avvege

Maskinsjef og leiar i Nordhordland veteranbåtlag, Tor Johannes Bjørgaas er på båten som no kviler i Vågen etter samanstøyten.

– Me skulle ha ein firetimarstur og la ut frå kaien. Då maskina skulle gå framover ville den ikkje det.

– No ligg me ved Bryggen og har det veldig fint her. Me har demontert det som gjekk i sundt, og sit og ser utover Bryggen og folkelivet der, seier Bjørgaas.

Ingen kom til skade i kollisjonen.

– Me har det som plomma i egget. Her er det berre blide folk om bord, seier Bjørgaas.

Uventa besøk via sjøvegen

– Det er ein populær terrasse å sitte på, men me hadde ikkje sett for oss å få besøk sjøvegen, seier Lechner.

Det skal gå fint med både førar av båten og gjestene på terrassen etter det uventa besøket.

– Kapteinen kom bort etterpå og sa han ville fikse gjerdet, seier ho og understrekar at dei alle er venner og vel forlikte sjølv etter krasjet.

– Me har ein fantastisk terrasse her, så eg er glad det ikkje blei verre enn det blei.

– Det blei litt Titanic – følelse over det heile. Men her var det heldigvis ikkje snakk om eit isfjell, berre ein terrasse.

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.