Hopp til innhold

Køyrte utfor vegen under øvingskøyring

Under øvingskøyring på E39 i Åsane, hamna ein bil med tre personar utfor vegen. Ein person er sendt til Haukeland sjukehus.

utforkøyring Åsane

UTFORKØYRING: Ein person er sendt til Haukeland sjukehus etter ei utforkøyring på E39 mellom Åsane og Bergen.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Naudetatane har rykka ut til E39 mellom Bergen og Åsane etter melding om at ein bil har køyrt av vegen.

Ulukka skjedde under øvingskøyring med ein bil, opplyser politiet. Det var tre personar i 20-åra i bilen. Ein av dei er frakta i ambulanse til Haukeland sjukehus med lettare skader.

– Ei kvinne er køyrt til akuttmottaket på Haukeland. Ho er lettare skadd. Ein anna er sendt til legevakta for ein sjekk. Den tredje personen i bilen kom uskadd frå utforkøyringa, seier politiets innsatsleiar på staden, Ronny André Øvrebotten.

Begge felt åpna

Ulukka skjedde i retning Bergen, før Glasskartunnelen.

Brannvesenet er på staden og sikrar området.

Begge felt er no opna. Ifølgje vegtrafikksentralen flyt trafikken greitt.

Laster Twitter-innhold