Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter å ha køyrd utfor skrent

Ein mann i førtiåra er sendt til sjukehus etter at bilen han sat i køyrde utfor ei skrent ved Stordalsvatnet i Etne i natt.

E134, Stordalsvatnet

Klokka 00.44 blei det meldt om eit trafikkuhell på E134 ved Stordalsvatnet i Etne. Ein bil køyrde av vegen og ned ei skrent.

Føraren av bilen blei sendt til Stavanger universitetssjukehus i luftambulanse.

Den 48 år gamle mannen er alvorleg skadd, men tilstanda er stabil, melder Stavanger universitetssjukhus i dag.

Mannen skal vere heimehøyrande i Sogn og Fjordane.

Oppdaga av forbipasserande

Ulukka blei oppdaga av tilfeldig forbipasserande i bil, som varsla naudetatane.

– Dei såg betong som låg i vegbana, stoppa for å lempe desse ut av vegen og oppdaga samtidig bilen som hadde køyrt utfor, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Klokka 02.00 melde politiet om at ein mannen var henta ut av bilen og fekk behandling på staden. Ein halvtime etter blei han sendt med luftambulanse til Stavanger.

Kjenner ikkje årsak til ulukka

Ambulanse, politi, og ulukkesgruppa til Statens vegvesen var på staden i natt. E134 var stengt i ein kort periode i natt medan bergingsarbeidet gjekk føre seg.

Politiet har gjort undersøkingar på staden, men kan enda ikkje seie noko om korleis bilen hamna utfor skrenta.