Hopp til innhold

Pirattaxi kolliderte med lyktestolpe

Ein bil køyrde utfor vegen og inn i ein lyktestolpe i natt. To personar stakk frå staden og føraren er mistenkt for promillekøyring.

Utforkjøring i Åsane

KRASJA MED LYKTESTOLPE: Det var lange bremsespor mot motorvegen. Ein bil køyrde utfor og krasja med ein lyktestolpe. Dei to passasjerane stakk frå staden men vart henta inn av ein hundepatrulje. Føraren er mistenkt for promillekøyring.

Foto: Remi Boe Presttun / Presttun Media

Utforkjøring i Åsane

PIRATTAXI: Bilen hadde også sneia i ein anna bil i Fløyfjellstunnelen like før. Politi og ambulanse rykka ut då dei fekk melding om utforkøyringa klokka 01.15.

Foto: Remi Boe Presttun

Det var ved 01.15 tida i natt at politi og ambulanse rykka ut til avkøyringa til Tertnes på E39/E16 nord for Bergen sentrum. Ein bil hadde køyrt av motorvegen og rett inn i ein lyktestolpe.

Då naudetatane kom fram hadde to personar stukke frå staden. Ein mann i 40-åra sat att i bilen. Etter ein prat med politiet kom det fram han køyrde pirattaxi.

Etter kort tid kom dei to pirattaxikundane også til rette.

– Dei vart henta inn av ein hundepatrulje. Det viste seg også at bilen hadde vore involvert i eit trafikkuhell litt tidlegare. Bilen køyrde inn i ein anna bil i Fløyfjellstunnelen på veg nordover, fortel operasjonsleiar Gustav Landro i Hordaland politidistrikt til NRK.

Mistenkt for promillekøyring

Den 40 år gamle sjåføren blåste til rundt 1 i promille, og vart tatt med inn for å ta blodprøve.

– Deretter køyrde vi han heim. Han er mistenkt for å køyra med promille. Dei to pirattaxikundane vart dimittert.

Fleire køyrde i rus

Det har vore fleire hendingar med rusa sjåførar i Hordaland i natt. I Gravdalsveien køyrde ein 20 år gamal mann ned eit trafikkskilt, også han er mistenkt for promillekøyring.

I Os tok politiet ein 18-åring som dei trur kan ha køyrt i påverka tilstand. Politiet har tatt blodprøve av den unge sjåføren.

På Askøy vart ein 31 år gamal mann stogga då bilen han køyrde hadde falske skilt. Etter ein prat med politiet viste det seg at føraren var rusa og køyrde utan gyldig førarkort.

– Det er diverre vanleg at ein har tre-fire slike hendingar natt til ein sundag. Det er eit alvorleg samfunnsproblem som vi blir veldig bekymra over, seier Landro.

Han fortel at natta elles har vore «masete».

- Vi henta inn to stykk i arresten i Odda og to personar her i Bergen. Det dreier seg om ordensforstyrrelsar og bråk.