Hopp til innhold

Køyrde i 97 km/t forbi barneskule

To bilistar må klara seg utan førarkortet ei stund, etter at Utrykkingspolitiet heldt fartskontroll på E16 ved Sundve barneskule på Voss i dag. Det vart delt ut totalt 23 bøter. Dei som mista lappen hadde ein fart på 97 og 91 km/t i 50-sona.