Hopp til innhold

Her trillar mannen gjennom tunnelen i rullestol

– Eg har jobba på Vegtrafikksentralen i 18 år og aldri sett liknande.

Rullestol i Knappetunnelen

UVANLEG SYN: Ein person på elektrisk rullestol køyrde gjennom heile Knappetunnelen i Bergen onsdag.

Foto: Statens vegvesen

Bilistar på veg gjennom den over seks kilometer lange Knappetunnelen i Bergen, fekk sjå noko ganske uvanleg onsdag føremiddag.

Ein 90 år gamal mann var godt i gang med å køyre gjennom tunnelen i ein elektrisk rullestol.

– Vi fekk fleire meldingar frå publikum og politi at det var observert ein person i rullestol inne i tunnelen. Då sjekka vi umiddelbart kamera våre, seier trafikkoperatør Tom Hansen.

Køyrde gjennom heile tunnelen

Knappetunnelen i Bergen har to åtskilde løp, med to køyrefelt i kvar retning. Tunnelen er ein av dei meir moderne i Norge og opna i 2015.

Den er utstyrt med mange kamera og Vegtrafikksentralen kan enkelt stenge tunnelen, både delvis og heilt.

Det skjedde også no. Tunnelen var heilt stengd medan rullestolbrukaren tok seg gjennom tunnelen på vegskuldra.

– Aldri sett før

– Vi følgde med på han via kamera og han køyrde gjennom heile tunnelen. Frå Liavatnet til utløpet i Dolvik, seier Hansen og legg til.

– Eg har jobba her på Vegtrafikksentralen i 18 år og aldri sett liknande.

Politiet melder at personen i rullestolen har komme seg trygt ut og Knappetunnelen er no opna igjen.

knappetunnelen i Bergen

Meinte han hadde lov

Operasjonsleiar Eivind Hellesund seier dei tok ein prat med mannen då han kom ut på Dolvik-sida av tunnelen.

- Han meinte han hadde lov til å køyre gjennom tunnelen og at vegskuldra var eit fortau. Men dette er altså strengt forbode og han fekk beskjed om å ikkje gjera det igjen, fortel Hellesund.