Hopp til innhold

Gav radioaktiv stråling i Kosovo Hans Bjarne hjernesvulst?

Den tidlegare utanlandssoldaten fekk aldri svar på uromeldingane han sende til Forsvaret.

Kosovo-soldat fekk hjernesvulst

SVULST PÅ HJERNEN: Hans Bjarne fekk aldri svar då han mistenkte at hjernesvulsten som vart oppdaga i 2011 kunne stamma frå oppdraget i Kosovo ti år tidlegare.

Foto: Privat

Våren 2011 hadde hovudsmertene og ubehaget vorte uuthaldeleg og migrenetablettane han fekk hjå legen virka ikkje. Dykkarinstruktøren busett på Askøy vest for Bergen måtte sjukemeldast. Han greidde ikkje lenger å gjera jobben sin.

Hans Bjarne jobbar til dagleg som dykkar

HANS BJARNE I DAG: 31-åringen måtte ta ein lengre pause frå jobben som dykkar etter at svulsten vart oppdaga.

Hjernesvulsten til Hans Bjarne

– SOM EIN TENNISBALL: Hjerneskanninga viser svulsten som vart oppdaga på hjernebarken til Hans Bjarne.

Foto: Privat
Hans Bjarne i Afghanistan

UTANLANDSOPPDRAG: Hans Bjarne har òg vore utplassert i ISAF-styrken i Afghanistan.

Foto: Privat

Svaret Hans Bjarne fekk då bedriftslegen sendte han vidare til hjerneskanning var likevel meir alvorleg enn han hadde frykta.

– Det var jo eit stort sjokk. Du får eit bilete av korleis det ser ut inne i hovudet ditt og det såg rett og slett ikkje bra ut, seier 31-åringen som møter NRK i heimen på Askøy.

– Som ein tennisball

Bileta av hjernen til den tidlegare soldaten viste ein svulst som hadde vakse fram over fleire år.

– Om lag som ein tennisball, seier Hans Bjarne.

Få dagar etter at den sjeldne hjernesvulsten vart oppdaga vart Hans Bjarne innlagt på sjukehus og svulsten vart operert vekk. Men det tok ikkje lang tid før spørsmåla melde seg. Kor lenge hadde han hatt svulsten på hjernen? Kva var årsaka?

Det var under ein samtale med kirurgen at mistankane om at svulsten kunna ha samanheng med den tidlegare jobben som yrkessoldat på utanlandsoppdrag.

– Eg snakka med kirurgen om kva som kunne vera grunnen, det var jo litt mistenkeleg at eg hadde vore i utanlandsteneste i dei periodane legen meinte at svulsten hadde byrja å veksa.

– Sikker risiko

Nevrokirorg Christian Helland

UTELUKKAR IKKJE RADIOAKTIV STRÅLING: Nevrokirurg Christian Helland ved Haukeland universitetssjukehus kan ikkje utelukke at svulsten skuldast radioaktiv stråling.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Det var Christian Helland, som er nevrokirurg på Haukeland universitetssjukehus, som opererte Hans Bjarne. Han seier det ikkje kan utelukkast at svulsten kan ha stamma frå radioaktiv stråling.

– Når det gjeld stråling så føler me at me kan seia at ja, det er ein sikker risiko for utvikling av hjernesvulstar, seier Helland.

Det er alltid vanskeleg å slå fast kvifor personar får hjernesvulstar, men kirurgen er klar på at radioaktiv stråling av ein eller annan art kan ha vore grunnen til svulsten.

– Anten det er i form av radioaktivt nedfall eller ikkje-tilsikta stråling, kan slik stråling medverka til å danne svulstar, fortel nevrokirurgen.

Ifølgje Helland kan svulsten til Hans Bjarne ha vore på hjernebarken til den tidlegare soldaten i minst ti til fem år.

Tenestegjorde i Kosovo

Om lag ti år før hjernesvulsten vart oppdaga tenestegjorde Hans Bjarne i Kosovo. Før avreise vart han og dei andre soldatane informerte om at dei kunne verta utsett for radioaktiv stråling i landet dei skulle tenestegjera.

Utstyret var deretter. Soldatane vart utstyrt med dosimeter, strålemålarar som skulle registrera om dei vart utsett for radioaktivitet.

– Eg tenkte at dette var ein del av det som skulle ta seg av tryggleiken vår, som alt det andre personlege utstyret me hadde med oss, seier Hans Bjarne. Særleg meir tenkte han ikkje over dosimeteret han bar rundt halsen.

Seinare er det dokumentert at det radioaktive stoffet utarma uran vart brukt i panserbrytande prosjektilar under krigføringa i det tidlegare Jugoslavia. Men undersøkingar gjort før dei norske soldatane reiste viste at det ikkje var stor sjanse for strålingsfare i området dei skulle til. Utarma uran er heller ikkje eit svært radioaktivt stoff.

Fekk aldri svar frå Forsvaret

Mistankane om at det kunne vera ein samanheng mellom hjernesvulsten og utanlandsopphalda i KFOR-styrken i Kosovo og seinare i ISAF-styrken i Afghanistan gjorde at Hans Bjarne kort tid etter operasjonen tok kontakt med forsvaret.

– Eg måtte ta kontakt fleire gongar for å i det heile tatt å få svar på om dei hadde motteke brevet mitt.

Noko svar på spørsmåla han hadde, om kva den tidlegare arbeidsgjevaren visste og kva det kunne vera han vart utsett for i Kosovo eller Afghanistan, kom aldri. Sjølv om han fekk hjelp til å purra av Ombodsmannen for Forsvaret.

– Det er rart å ikkje få tilbakemelding. Du lurar jo rett og slett på om dei ikkje vil svara eller om dei ikkje har noko svar, fortel 31-åringen.

Det er først etter at NRK tok kontakt med Forsvaret har han fått vita noko.

– Om det er andre som kan ha fått fysiske seinskadar, så håpar eg dette kan verta avdekka. Eg er redd for at fleire kan gå rundt med symptom utan å vita det.

Les også:

Denne målaren skulle gje svar på kva Hans Bjarne vart utsett for

– Det er ein alvorleg svikt at Hans Bjarne ikkje fekk svar

Tilbake til kvardagen

Snart to år etter at sjokkbeskjeden om hjernesvulsten kom, ser Hans Bjarne på seg sjølv som frisk. Han går til årlege kontrollar for å sjå til at svulsten ikkje kjem tilbake.

Den endelege beskjeden om at livet er tilbake til normalen fekk han torsdag i førre veke. Då utførte han eit testdykk som stadfestar at han kan gå tilbake til jobben som yrkesdykkar.

– Det var vel eit år der eg ikkje kunne utføra jobben min, men no er dette i boks, seier han letta.

Hans Bjarne tilbake i jobb.

TESTDYKK: Hans Bjarne er i ferd med å gjennomføra testdykket som gjer at han kan gå tilbake til jobben som yrkesdykkar.

Foto: Trude Bakke / NRK

Likevel har 31-åringen eit behov for å fortelja om sjukdommen og korleis han vart møtt då han kontakta Forsvaret i ettertid.

– Om det er tilfelle at det var radioaktivitet eller sambandsutstyret me brukte som utløyste dei plagene eg fekk, så er eg redd for at det kan visa seg at det er fleire. Forsvaret må ta dette meir på alvor.