Hopp til innhold

Korpsmiljøet starta jakta då stolen kornett vart lagt ut for sal

Den verdifulle kornetten forsvann sporlaust under NM i Bergen. Fem månadar seinare dukka den opp på Finn.no.

Solfrid Vik sin stjelte kornett på Finn

MISTA KORNETTEN: Solfrid Vik fekk fråstole kornetten til 30.000 kroner under NM i Bergen i vinter. Førre veke dukka den opp på Finn.no.

Foto: Skjermdump/Privat

Solfrid Vik frå Molde hamna i ein fortvila situasjon då ho var i Bergen med Molde Brass Band under NM i februar. Siste dagen forsvann den nyinnkjøpte kornetten hennar til ein verdi av 30.000 kroner.

– Kornetten vart fråstole frå ei låst lagerrom på eit hotell i Bergen. Det var sjokkerande, og eg vart heilt knust.

Vik la ut ein melding om tjuveriet på Facebook og bad om hjelp. Men når instrument forsvinn på ein slik måte, er alltid musikk- og korpsmiljøet på alerten.

Kornett til 4000 kroner

Og fem månadar seinare dukkar det opp ein mistenkeleg annonse på Finn.no. Det er ein kornett som er kliss lik, men prisen er svært låg.

Kornetten med ein nypris på 30.000 kroner ligg no ute til berre 4000 kroner.

I eit nasjonalt korpsforum på Facebook blir annonsen frå Bergen delt. Fleire reagerer. Mellom anna er kornetten hengt opp i eit dørhandtak på eit av bileta. Ingen som bryr seg om instrumentet sitt handterer det slik.

Stolen kornett på Finn

LÅG PRIS: Då kornetten hamna på Finn.no, var prisen blitt til berre 4000 kroner.

Foto: Skjermdump frå Finn

Leverte instrumentet på døra

Alt etter få minutt er det nokon som kjem på at det nettopp forsvann ein slik kornett frå Bergen under NM i februar.

– Eg vart tipsa om annonsen og tok straks kontakt med politiet fredag kveld, seier Solfrid Vik.

Det tar ikkje lang tid før politiet får løysinga på saka levert i handa. Politiet hadde ransakingsordre på plass, men før dei rakk å ta seg ut til Finn-seljaren, kom han sjølv på døra og leverte kornetten.

Vedkommande fekk status som mistenkt og vart avhøyrt av politiet. Etter det NRK får opplyst skal vedkommande ha forklart at han etter mange meldingar forstod at han var i besittelse av eit stole instrument.

På korpsforumet er det fleire som har oppmoda om å sende melding til seljaren og be om serienummeret, for å slik identifisere kven som eig instrumentet.

Ros

Under to timar etter at Vik ringde inn og fortalde om annonsen kunne politiet ringe tilbake med gode nyhende.

– Eg fekk utruleg god og rask hjelp, eg kan ikkje få rost dei nok. Heile korpsrørsla hadde det på minnet at eg vart fråstole ein kornett i Bergen. Eg er takknemleg for deira innsats og for at politiet var raskt på pletten.

Men kornetten får ho ikkje tilbake. Ho har allereie kjøpt seg ein lik for erstatninga ho fekk av forsikringsselskapet etter tjuveriet i februar. I tillegg hadde den fråstole kornetten fått ein skade.