NRK Meny

Kontroll på vedkasse-brann

Brannen i ein vedkasse i Hopåsen er no sløkt. – Det har brent i ein kobbarkjele der det var ved, men brannvesenet har bore kjelen ut og luftar no ut røyken. Det har ikkje brent andre stadar i huset. Vi sende ut seks brannbilar då vi fekk meldinga, men har no returnert, seier vaktkommandør Håkon Myking ved 110-sentralen.