Hopp til innhold

Kontroll over slosskamp i Sandviken

Ingen skal vere alvorleg skadd etter at det vart meld om knivstikking i og utanfor ei leilegheit i Sandviken. To menn som slåst er arrestert av politiet, ein av dei hadde ein stor kniv. – Ei kvinne i 20-åra skal vere fornærma. Det er blodige folk på staden etter slåstkampen, men det skal ikkje vere nokon som er knivstukke. Vi har kontroll på situasjonen, og jobbar no med å få oversikt over kva som har skjedd, seier operasjonsleiar i politiet, Bjarte Rebnord.