Sjå bilete frå Nygårdshøyden her
Blant gamle, ærverdige villaer blir det arbeidd intenst med det nye studentsenteret som skal komma der det gamle stod.
Ny bydel
Det gamle var frå omlag 1970, men hadde vist seg ubrukeleg på så mange måtar allereie. Då er det meir klasse over dei flotte gamle husa frå 1880-90-åra, som har tålt aldringa mykje betre.
Nygård er ein relativt ny bydel i Bergen. Han blei danna på midten av 1800-talet etter at Nygårdsgaten - eller Nygårds-chausséen som det heitte på fint, hadde kome på plass.
Bydelen blei planlagd etter moderne byplanmønster, med breie, rette gater som blei lagde vinkelrett på kvarandre.
Universitetet har overtatt
Og bydelen ble bygd for den "finare" del av innbyggjarane i byen, med skipsreiarar, forretningsfolk og ingeniørar på toppen av hierarkiet.
I dag er det meste av Nygårdshøyden overtatt av Universitetet.
Vår reporter Kjell Jensen vandra i strøket saman med førsteamanuensis Egil Ertresvåg, som ofte leiar byvandringar i dette strøket.