Kontoret i barnehagen vart ein hønsegard

SOTRA (NRK): Høner på kontor. 3000 glas med vatn på golvet. På Sotra har «praktisk humor» gode tider.

Kontoret til Kristine Madsen, dagleg leiar i Sauafjellet FUS barnehage

HØNER PÅ KONTORET: Slik såg det ut då Kristine Madsen opna døra.

Foto: Privat

Fleire vel gjennomtenkte spøkar har heimsøkt arbeidsplassar på øya i vest den siste tida.

– Først vart eg lamslått og oppgitt. Så såg eg den gode humoren i det, seier John Inge Landro.

3000 koppar. 600 liter vatn. Tre timar tok det å bli kvitt det heile. John Inge Landro er dagleg leiar i verksemda Landro Elektro. Det var slektningar som hadde funne ut at det ville spele han eit lite puss for nokre veker sidan.

Kontoret til John Inge Landro

JOHN INGE LANDRO VART LAMSLÅTT AV SYNET: Tre timar tok det å fjerne alle koppane.

Foto: Privat

Dei hadde fått god hjelp av ein kollega av Landro, som hadde sleppt dei inn på kontoret.

– Eg skjøna at det var min tur til å få igjen. Eg høyrde latteren bak meg då eg opna døra, seier Landro.

Koppane måtte tømmast i ei bøtte, ein etter ein. Tre timar tok det før den siste av dei var tømd.

André Berland var kollegaen som sleppte slektningane inn på kontoret.

– John Inge har sjølv funne på ein del ting opp gjennom tida. Derfor var det naturleg at han fekk smake eigen medisin.

John Inge Landro, dagleg leiar i Landro Elektro

FEKK SEG EI OVERRASKING: John Inge Landro smiler av det heile.

Foto: Åge Algerøy / NRK Hordaland

Kaklande høner

Landro er langt frå den einaste på Sotra som har fått seg ei overrasking då dei kom på jobb.

Berre nokre kilometer unna fekk dagleg leiar Kristine Madsen i Sauafjellet barnehage eit liknande sjokk.

Lyden av kaklande høner og eit golv dekka av høy var synet som møtte ho då ho opna døra til kontoret rett før jul. Fem høner spankulerte rundt. Den eine hadde til og med lagt eit egg.

– Er det mogeleg, var min fyrste tanke. Eg blei temmeleg overraska. Eg hadde ikkje forventa levande dyr inne på kontoret, seier Madsen.

Kristine Madsen, dagleg leiar i Sauafjellet FUS barnehage

YNDA MÅL FOR PRAKTISK HUMOR: Tre gonger har Kristine Madsen fått seg ei overrasking.

Foto: Åge Algerøy / NRK Hordaland

Tok det med godt humør

Kollega Ruth Johnsen var ein av dei som stod bak opptrinnet.

– Vi fekk litt kalde føter då hønene var plassert og spankulerte rundt kvelden før. Eg tenkte at i verste fall får vi sparken. På den andre sida ville det jo vere synd for Kristine å miste så mange flotte medarbeidarar.

Påfunnet på kontoret i barnehagen på Sotra er det tredje i løpet av tre år. Kvar gong har det vore ein heilt ny spøk.

– Også her har det vore vassglas over heile golvet. Ein annan gong var alle ting på kontoret pakka inn i papir. Alt frå dører og datautstyr til permar og bøker, seier Madsen.

En serie med humoristiske pek har hjemsøkt arbeidslivet på Sotra.

En serie med humoristiske pek har hjemsøkt arbeidslivet på Sotra.

Ei Sotra-greie?

Kanskje er dei spesielt flinke på praktisk humor på Sotra. Andre har fått levert piano på døra som dei aldri har tinga.

– Det må vere ting som du kan le godt av etterpå, seier John Inge Landro.

– Ein god latter gjer at du lever lenger. Eg kjem truleg til å leve til eg er 100 år!