Hopp til innhold

Konteinaren vog 800 kilo meir enn lovleg

Sjåføren av kranbilen som knakk tvers av under eit konteinarløft, er tiltalt etter ulykka. Det viser seg at konteinaren vog 800 kg meir enn kranen kunne løfte.

Container Valkendorfs

CENTIMETRE UNNA DØDSULYKKE: Containeren fall frå stor høgde og trefte to bilar i Valkendorsgaten.

Foto: Jon Bolstad / NRK

På formiddagen 9. desember 2013 i Valkendorfsgaten knakk ein kran tvers av under eit konteinarløft, like ved tinghuset i Bergen.

Konteinaren fall fire-fem etasjar og smadra ein bil fullstendig. Ein annan bil vart treft i fronten av krana.

Ifølgje politiet viser det seg no at konteinaren vog 800 kilo meir enn det kranen kunne løfte, og sjåføren på kranbilen er tiltalt etter ulukka, skriv Bergens Tidende.

To sjåførar sat fastklemd

Politiet har etterforska saka, og sjåføren på kranbilen er tiltala etter straffelova paragraf 151 «for ved uaktsomhet å ha voldt sammenstyrting, hvorved tap av menneskeliv eller ødeleggelse av fremmed eiendom lett kunne forårsakes».

To sjåførar sat fastklemd etter den dramatiske ulukka, men vart redda ut av bilane sine. Den eine sjåføren vart sendt til Haukeland universitetssjukehus og fekk lettare skader.

Aktlaus

– Vi meiner at ulykka skuldast sjåføren si uaktsomhet, seier politiadvokat Anders Johnson ved Hordaland politidistrikt til Bergens Tidende.

Ifølgje tiltalen nytta han ikkje «kranen si lastekart som viste at kranen i den satte posisjon hadde ein løftekapasitet på ca 1600 kilo, medan kontaineren med innhald vog ca 2400 kg».

Rettssaka mot sjåføren er fastsett til 14. september i år.

Alvorlig kranulykke midt i Bergen sentrum.

VIDEO: To personar sat inne i bilane då ein kran med kontainer velta over.