Laga konsert med taxiar og grasklipparar

Sjå parkvesenet og taxisjåførar i samspel med proffe musikarar ved den blåsteinen.

Sjå parkvesenet og taxisjåførar i samspel med proffe musikarar ved den blåsteinen.

VIDEO: Sjå den spesielle konserten av gruppa Gass & Gress & Brass.

– Detta var storarta, seier den svenske kunstnaren Staffan Mossenmark etter at han var ferdig å dirigera ein ganske så spesiell konsert.

I dag var det duka for konsert ved den blå steinen på Torgallmenningen med gruppa Gass & Gress & Brass.

– Detta er noko ein aldri har sett i Bergen før, og eg håpar at folk som møtte opp er litt humoristiske, ser energien og det positive i detta her. Nokon tenker nok at det høyrdest ut som støy og bråk, men det er jo ein del av kvardagen vår det og, seier Mossenmark.

– Kva ville du med detta?

konsert

GRASLYD: Grønn Etat var med i gruppa Gass & Gress & Brass under konserten i dag.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Eg vil at alle skal forstå at offentlege plassar, gater og torg er ein scene der vi alle kan gjera det som vi gjorde her i dag i lag, seier Mossenmark.

Musikarar og vanlege folk

Som ein del av årets Festspill dirigerte han Grønn Etat, Bergen Taxi og studentar frå Griegakademiet i ein ganske spesiell konsert som du kan sjå i videoen over.

– Det er kjekt å prøva å få til noko med både proffe musikarar og vanlege menneske som til dømes køyrer taxi og grasklipparar, seier Mossenmark.

Staffan Mossenmark har ein stor interesse for kvardag og kvardagslydar. Han er spesialist på å skapa oppsiktsvekkande utandørsprosjekt kor folk sine vanlege arbeidsdagar blir til kunst. Tidlegare har han blant anna iscenesett konsertar og events med kroppsbyggarar, vegarbeidarane, Harley Davidson-syklar og mobiltelefonar.

– Kjempekjekt!

taxi

KJEKT: Alle dei tre taxisjåførane syntest det hadde vore veldig kjekt å vera med på konserten.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Tre taxisjåførar var med på konserten, og dei var veldig nøgd etterpå.

– Det var utruleg kjekt å vera med, litt annleis enn det eg trudde om festspela. Det at vi får lov til å vera med og laga litt bråk og lyd midt i byen er jo berre kjempekjekt, seier taxisjåfør Astrid Sissel Daae.

– Korleis vart det i forhold til korleis du trudde det skulle bli?

– Det vart annleis enn det eg trudde på førehand. Vi har berre øvd litt, men no fekk vi verkeleg prøvd det skikkeleg. Det var kjempegøy rett og slett, seier Pia Eriksen.