Hopp til innhold

Konsentrerer søket rundt vatn

Leitinga etter den sakna polske mannen i Ulvik held fram for fullt onsdag føremiddag. Politiet opplyser til NRK at dei konsentrerer søket rundt Solsævatnet, i fjellet rett nord for Ulvik sentrum. Ein turgåar har meldt frå om at han såg den sakna der på søndag, ein observasjon politiet seier er sikker.