NRK Meny
Normal

Fekk ny jobb ein halvtime etter konkursen

Tre månader etter konkursane i Walde Gruppen AS har dei aller fleste som mista jobben no fått nytt arbeid. – Mykje raskare enn vi hadde trudd, seier NAV.

Børve Ivan og familie

I NY JOBB: Tre veker etter konkursen var Ivan Børve tilbake i jobb att. Framleis har han noko løn uteståande, men likevel ser han lyst på livet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Ivan Børve var blant over 200 som mista jobben i samband med konkursane i Walde Gruppen like før jul i fjor. Om ein reknar med underentreprenørane vart kring 300 personar råka i ein av dei største konkursane på Vestlandet dei siste åra.

Trass i mykje krøll med utbetalingar av løn hadde Børve likevel hell i uhell. For berre ein halvtime etter at meldinga om konkursen kom, hadde han fått seg ny jobb.

– Eg sette meg i bilen og tok eit par telefonar, og så hadde eg fått meg ny jobb, fortel Børve som no jobbar som montør i Arna Glass.

– Få arbeidsledige att

Og han er ikkje åleine om å ha stabla seg raskt på beina igjen. Ifølgje NAV og Unionen Fagforening verkar det som at dei fleste av dei som mista jobben har fått seg nytt arbeid.

Tommy Johansen

GÅR FRAMOVER: Assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen, sa tidlegare at dei fleste Walde-tilsette ville vere i arbeid att til påske, og det stemte.

Foto: NRK

– No er det få, om nokon, av desse som er utan arbeid. I alle fall for dei i byggedelen. Vi hadde nokre utfordringar med dei som jobba med administrasjon, men vi opplever at dei konkursramma i veldig stor grad er komne tilbake i arbeid, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen.

Ikkje berre merkar dei ei positiv utvikling gjennom kontakten med arbeidarane - også statistikken seier sitt. Etter konkursane såg dei tydeleg at arbeidsløysa gjekk opp, særleg i kommunane Meløy, Lindås og Radøy. Men no har desse tala gått ned igjen.

– Eg sa den gongen at vi rekna med at dei fleste ville vere i arbeid att til påske. Slik sett har prosessen gått mykje raskare enn vi hadde rekna med. Sjølv om ein byggebransjen har ein liten nedgang no, er fagarbeidarar ettertrakta, og det hadde Walde mange av, seier Johansen.

Har roa seg

Også Unionen Fagforeining som hadde kring 80 medlemmer blant dei konkursråka, merkar at situasjonen har blitt langt betre.

– Vi ser at ein god del har meldt inn at dei har fått nytt arbeid, då dei kontaktar oss for å endre medlemsskapet sitt, seier leiar i fagforeininga Mads Kleiven.

(Artikkelen held fram under biletet)

Walde - folk på veg inn

MISTA JOBBEN: Over 200 mista stillinga si i samband med konkursane i Walde. Her vart mange av dei informerte om situasjonen rett før jul.

Foto: Ketil Falch

Både han og Johansen har også observert at fleire av desse har starta sine eigne bedrifter. No har fagforeininga lite å gjere i samband med saka.

– Det er alltid veldig uoversiktleg i starten, men klarar ein å gi den informasjonen som blir etterspurt så vil det etter kvart roe seg, seier Kleiven.

Har bydd på utfordringar

Men trass i at dei fleste har funne seg ny jobb har konkursane skapt fleire utfordringar. Ivan Børve var ein av mange som frykta å gå jula i møte utan løn, men i siste sekund gjorde NAV vedtak om å utbetale feriepengane.

Nyleg skreiv BT.no også om at Walde ikkje hadde sendt inn årsoppgåvene til dei tilsette før dei gjekk konkurs, og at dei dermed stod oppført med null kroner i inntekt på skatteoppgjeret. Det betyr at dei tidlegare tilsette sjølv må sørge for å få sendt inn all dokumentasjon til Skatteetaten for å sleppe å få skattesmell neste år.

– Eg har teke vare på alle lønsslippane mine sidan eg begynte i tilfelle noko slikt skulle skje, så eg har heldigvis dokumentasjon, fortel Børve.

Ifølgje Kleiven i Unionen er det svært få som har kontakta dei grunna dette.

Ser lyst på kvardagen

Børve er også blant mange som endå ikkje har fått all den løna dei skulle hatt. Sjølv manglar han framleis løn for 2,5 månader, men likevel er kvardagen stort sett fri for bekymringar.

– Det har eigentleg gått veldig greitt. Eg trivst veldig godt i min nye jobb og har kort veg dit. Det er også veldig kjekt å høyre at dei fleste no har fått ordna seg, seier Børve.

I neste veke skal han og kollegaene frå avdelinga i Walde samlast for andre gong etter konkursen. Då får han ei ny sjanse på å oppdatere seg på korleis dei tidlegare kollegaene har det.

– Vi var ein liten, men god gjeng, så det er kjekt å halde kontakten.

Siste video

 Programleder Mariann Reikerås
13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.