Hopp til innhold

Kongeørna tok minst fem lam i veka

Mattilsynet vil stenge beitet på grunn av alle lamma som blir drepne. Bonden vil felle den freda drapsørna, men får ikkje lov av fylkesmannen.

Ørn drep lam

DREP LAM PÅ BEITE: På to år har bonden mista kring 30 prosent av lamma sine.

Foto: Privat

Jahn Ove Vik

HAR SØKT OM LØYVE TIL Å FELLE KONGEØRN: No har Jahn Ove Vik fått avslag på søknaden frå fylkesmannen.

Foto: Tale Hauso / NRK

I 12 år har John Inge Vik drive med villsau i Fitjarøyene, sør for Bergen. Dyra har det godt der dei går på heilårsbeite langs den verneverdige kystlyngheia.

Men idyllen vert brote av den totalfreda kongeørna som også har funne seg godt til rette i området.

– Ørna tek lamma, og sauene spring heilt febrilske rundt og lurer på kvar det er blitt av, seier Vik som dei siste to åra har han mista kring 30 prosent av lamma sine, høgst truleg til kongeørn.

I fjor drap den freda ørna så mange lam at Mattilsynet no vurderer å nekte villsaudrift på fleire av Fitjarøyane.

Seniorrådgjevar Trude Lien i Mattilsynet seier til NRK at det er heilt uakseptabelt med slike tap og at Vik kan verte nekta å ha villsau på øya.

– Konstant frykt og uro hjå desse dyra over tid går ikkje an. Det gjer at bøndene kan bli nekta å ha villsau på beite.

LES OGSÅ: Får ikke felle kongeørn og gaupe - Telemark

Fylkesmannen vil ikkje gje fellingsløyve

John Inge Vik har søkt om fellingsløyve på det hekkande kongeørn-paret som bur i området, sjølv om kongeørna er totalfreda i Noreg. Miljøvernsjef Kjell Kvingedal hos fylkesmannen har avslått søknaden.

– Me er redd for at viss ein skyt ei ørn, vil problemet bli det same når det kjem nye ørner for å ta over området.

Ørn drep lam

ØRN FELLER LAM: John Inge Vik får støtte frå kommunen om å felle ørna som tek lamma hans.

Foto: Privat

– Skal me gje fellingsløyve må me vite heilt sikkert kva slags individ det er som gjer skade. Det har me ikkje nok kunnskap om no, seier Kvingedal.

John Inge Vik meiner ein kan sjå kva slags fuglar det er som drep lamma.

– Eg er ikkje interessert i å utrydde kongeørna, men det er no ein gong slik at ein må ta vekk dei dyra som gjer skade, seier han.

– Då eg fekk gå i reira til ørnene for å sjå var det snakk om minst fem lam i veka i reiret. Ei god byrjing på å løyse problemet vil vere å ta ut det hekkande paret, meiner han.

LES OGSÅ: - kongeørn tar ikke så mye sau - NRK – Trøndelag

Kommunen meiner ørnene bør skytast

Sauene held vekke busk og kratt og er difor viktige for å bevare den opne kystlyngheia i Fitjarøyene.

Ordførar i Fitjar Wenche Tislevoll meiner omsynet til det spesielle landskapet må gå fyrst.

– Skal me kunne ta vare på kulturlandskapet, som er heilt spesielt, så er me avhengige av at sauer får beite der. Inneber det å skyte ørnene, så meiner eg det er det som må gjerast, seier Tislevoll.

Jahn Ove Vik

FÅR IKKJE FELLINGSLØYVE: Her går villsauene fritt på beite. Men det kan det snart bli slutt på, dersom Vik ikkje får fellingsløyve på kongeørnene i området.

Foto: Tale Hauso / NRK