Hopp til innhold

Kongen om Märtha Louise sin bruk av prinsessetittelen: – Vi forsøker å få til ei ordning

ODDA (NRK): Kongeparet bekreftar at dei er i dialog med prinsesse Märtha Louise om kommersiell bruk av prinsessetittelen.

Sonja og Harald på kongebesøk i Jondal kommune.

PÅ FYLKESBESØK: Kongeparet vitjar denne veka Hordaland. Her er dei på plass i Jondal.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Denne våren har det komme kritikk av Märtha Louise sin bruk av den kongelege tittelen.

Prinsessa har fått kritikk for bruken at tittelen sin i promoteringa av foredragsturneen «Prinsessen og sjamanen» med kjærasten Durek Verrett (44).

Kronprins Haakon sa til NRK for ein månad sidan at han ønskte å gå i dialog med søstera.

– Særleg om det som går på titulering og næringsverksemd, sa kronprinsen.

Märtha Louise og sjaman Durek Verrett

OMSTRIDD: Märtha Louise og hennar kjæreste Durek Verett i København i mai.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Ikkje belastande

No bekreftar Kong Harald til NRK at ein slik dialog om kommersiell bruk av prinsessetittelen er i gang.

Kongeparet møtte NRK til eit kort intervju i etterkant av besøket deira i Jondal og Odda tysdag.

– På noverande tidspunkt kan vi ikkje seie kor langt vi er komen i dialogen. Men vi forsøker å få til ei ordning.

– Har dette vore ein belastande sak for kongefamilien?

– Nei, eigentleg ikkje, svarar kongen.

Skal besøke Askøy

Kongeparet er denne veka på fylkesbesøk i Hordaland. Dei første dagane er dei i Hardanger med kongeskipet «Norge».

Tysdag gjekk turen til Jondal og Odda. Der vart dei møtt av hundrevis av feststemte innbyggjarar. Onsdag går turen til Granvin og Ulvik.

– Naturen og menneska her fascinerer oss. Det som kjenneteiknar hardingane er at dei er så initiativrik og får til mykje, seier dronninga.

Torsdag skal kongeparet til Askøy, der drikkevatnet truleg har gjort tusenvis sjuke. Kongen seier det var aktuelt å endre på programmet, men at kommune ynskte at dei kom likevel.

– Vi ønskjer å få informasjon om situasjonen og få høyre kva dei har gått gjennom, seier kongen.

– Og ikkje minst er vi spente på å få høyre om dei har funne årsaka til smitteutbrotet, seier dronninga.