Hopp til innhold

Kongen fyller 80 år: Sjå gratulasjonane frå heile Noreg

Folk over heile landet gratulerer kong Harald med 80-årsdagen. – Vi er heldig som har ein mann som deg i front.

Sjå folk over heile Noreg sende sine helsingar til 80-åringen Kong Harald. Redigering: Lars Christian Wallace

SJÅ VIDEO: Små og store i heile landet sender sine helsingar til Kong Harald.

Tysdag er det 80 år sidan kong Harald V blei fødd på Skaugum i Asker. Dagen vert feira på vinterferie saman med dei næraste.

For å markere den store dagen har NRK samla inn gratulasjonar til kongen frå heile landet.

Send ei bursdagshelsing

Kong Harald fyller 80 år

TIL LUKKE: Statsminister Erna Solberg og stortingspresident Olemic Thommessen skreiv dei første to helsingane til kongen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

I høve 80-årsdagen er det lagt ut ein gratulasjonsprotokoll på Slottet. Her kan publikum skrive sine eigne gratulasjonar til kongen, tysdag mellom klokka 14.00 og 16.00.

Dei første som signerte protokollen var stortingspresident Olemic Thommessen og statsminister Erna Solberg.

– Kong Harald får oss til å kjenne oss vel, og han har eit menneskeleg bodskap, seier Thommessen, som trur at dette er ei av årsakene til at det norske kongehuset er så populært.

For dei som ikkje kan reise til Slottet, er det også mogleg å gratulere kongen via den elektroniske protokollen, som er tilgjengeleg på kongehuset sine nettsider.

Stortingspresident Olemic Thommessen gratulerer kong harald med 80-årsdagen.

– Beste kongen ever

Gratulasjonane strøymer på, og kongen blir skildra som folkeleg, morosam og ein god representant for Noreg.

Her er eit lite utval av gratulasjonane NRK har samla inn:

– Frå kongen var liten har vi vore glad i han. Eg vil ønskje kongen alt godt, no, og i mange år framover.

– Du er ein veldig fin konge, og eit veldig godt førebilete.

– Noreg er heldig som har ein mann som deg i fronten.

– Du er den beste kongen ever!

– Eg vil at du skal vere konge for alltid.

Kong Harald

HUMORKONGE: Kong Harald har ofte ein vits på lur, og blir av både statsministeren og fleire i kongefamilien skildra som ein konge med god humor.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Føler meg ikkje utgammal

Kongen har ingen planar om å ta det med ro, sjølv om han no fyller 80.

– Å tre tilbake er uaktuelt, med mindre eg får klar beskjed frå barna om at tida er inne, fortel jubilanten i eit intervju med NTB.

– Eg tenkte alltid at dei som var 80, var utgamle, men eg føler meg ikkje utgammal sjølv. Alder er berre eit tal, seier kong Harald.

Kong Harald og dronning Sonja 80 år.

FAMILIEN SAMLA: Kongefamilien fotografert i samband med kongeparet sine 80-årsdagar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix