Kommunistpartiet fekk alle stemmene til FNB i Bergens mest bompengekritiske valkrins

437 veljarar i Hordvik stemte på Folkeaksjonen Nei til mer bompenger i fylkestingsvalet. På dei offisielle sidene til Valgdirektoratet var talet null. I staden blei stemmene registrerte på NKP.

Bompengestasjon som har skapt debatt i Åsane i Bergen

BOMPENGEMOTSTAND: Denne bomstasjonen på Klauvaneset tilhøyrer ytre bomring i Bergen, som blei sett opp i vår, og frusterer mange innbyggjarar i Hordvik, heilt nord i kommunen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Thomas Gerner frå Hordvik nord i Bergen blei smått sjokkert då han valkvelden sjekka korleis sambygdingane hadde stemt i fylkestingsvalet.

– Sjølv hadde eg førehandsstemt og var utanlands, og var spent på korleis folk hadde stemt der eg bur. Då eg gjekk inn, såg eg at det var store utslag mellom korleis folk hadde stemt i kommune- og fylkestingsvalet, seier Gerner.

Både NRK, NTB og andre medium henta stemmetal direkte frå Valdirektoratet, og brukte dei i sine grafikkar. Gerner sjekka NRK sine nettsider for å finne ut korleis hordvikingane hadde stemt.

Kontrasten mellom kommune- og fylkesresultatet var enormt.

Medan Folkeaksjonen Nei til mer bompenger (FNB) ifølgje oversikta hadde fått 550 stemmer frå valkrinsen Hordvik i kommunevalet, var stemmetalet i fylkestingsvalet null.

Samstundes hadde Norges Kommunistiske Parti, som fekk fattige to stemmer i kommunevalet, tilsynelatande fått formidabel fylkesvaloppslutnad.

Med heile 436 stemmer blei det vesle venstrefløypartiet plutseleg soleklar valvinnar i Hordvik – bygda som har markert seg som dei fremste bompengemotstandarane i Bergen, og gav FNB 41,7 prosent av stemmene i kommunevalet.

– Eg smilte jo litt av det, og tenkte at her måtte det vere noko feil. Anten at det hadde skjedd ei forbyting av lister i vallokalet, eller at det hadde skjedd ein feil i oppteljinga eller registreringa, seier Gerner.

Dei oppsiktsvekkande resultata for FNB og NKP blei ståande på dei offisielle sidene til Valgdirektoratet valkvelden igjennom.

Avvik stemmetall Hordvik kommunevalg og fylkestingsvalg

KONTRASTAR: FNB blei klar valvinnar i Hordvik, både i kommunevalet (t.v.) og fylkestingsvalet (t.h.). Men på fylkesoversikta til NRK, som Thomas Gerner sjekka valkvelden, såg i staden NKP ut til å vere den store fylkesvalsvinnaren.

Foto: Skjermdump fra nrk.no

Menneskeleg feil

Etter å ha skrive eit innlegg i Facebook-gruppa «Stopp ytre bomring Åsane», fekk Gerner straks fleire reaksjonar, mellom anna frå folk som sa dei hadde stemt FNB i fylkestingsvalet.

Eit medlem i Facebook-gruppa kontakta valstyret i Bergen, og fekk etter kvart svar om at det var ein tastefeil som låg bak dei oppsiktsvekkande tala.

Marte Holm, rådgjevar og ansvarleg for oppteljinga av stemmene i Bergen kommune, stadfester dette.

– I ein av krinsane blei alle stemmene til bompartiet registrert i kolonnen til kommunistpartiet etter den manuelle tellinga. Det var ein menneskeleg feil, fortel Holm.

Ved val i Noreg blir stemmene talde to gonger, ei førebels og ei endeleg teljing.

Tidlegare i år vedtok Stortinget ei endring i valforskrifta som krev at den fyrste teljinga skal skje manuelt.

Dei to ulike teljemåtane skal sikre at ein oppdagar feil. Og det var akkurat det som skjedde i Bergen, påpeiker Holm. Feilen i Hordvik blei retta etter teljerunde nummer to, då stemmene blei sendt gjennom maskinar.

FNB enda til slutt på 437 stemmer i fylkestingsvalet i Hordvik.

Avvik stemmetall Bergen

PROTOKOLLEN: Tala syner korleis NKP gjekk ned og FNB opp etter kontrollteljinga. Bergen kommune innrømmer at dei burde kommentert i protokollen kvifor utslaga blei så store.

Foto: Skjermdump

– Burde vore kommentert i protokollen

I sosiale medium har fleire reagert på at dei store avvika for FNB og NKP i Hordvik ikkje er kommentert i valprotokollen.

Patricia Aas, som lenge har engasjert seg i tryggleik rundt val og stemmeteljing, reagerer på at Bergen kommune ikkje har gitt ei forklaring.

– Det gjer dei i protokollen til Oslo, men det finnast ikkje noko slikt for Bergen, seier Aas.

Holm i Bergen kommune medgir at dei store avvika burde ha vore kommentert.

– Vi har ulik praksis, men eg ser at vi i dette tilfellet burde ha gjort det, sidan avviket var så stort mellom den manuelle og maskinelle teljinga. På det feltet er Oslo sin praksis betre enn vår, og dette vil vi endre til neste gang, seier Holm.

Patricia Aas

FORKLARING: – Når dei ikkje forklarer feil, blir det umogleg for slike som meg å vite kva som er rett og ikkje, seier Patricia Aas om valprotokollen frå Bergen.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

– Viser at systemet fungerer

Også i 2017 reagerte Patricia Aas på bruken av maskinar til teljing av stemmene. Ein Twitter-aksjon førte då til at dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner før stortingsvalet kravde manuell teljing i tillegg.

Torgeir Waterhouse i IKT Norge meiner ein no kan stole på maskinteljingane.

– Ja, det skal vi kunne gjere. Dette dømet viser kor viktig det er å ha maskinell teljing som avdekker når menneske har gjort feil.

Han understrekar at dei to teljesystema må vere uavhengige av kvarandre, slik at den eine teljinga ikkje kan påverke den andre.

– Når du har to uavhengige teljingar får du fanga opp når det er gjort ein feil, anten det er doble stemmer, parti eller kandidatar som ikkje finst, eller forsøk på å stemme fleire gonger.

Han meiner difor avviket mellom førebels og endeleg valresultat i Hordvik er eit godt døme på at ein klarer å fange opp feil.

Torgeir Waterhouse

GODT DØME: Torgeir Waterhouse i IKT Norge meiner dømet frå Bergen syner at teljinga med maskiner avdekker feil som er gjort når menneske talde opp stemmene i fyrste runde.

Foto: IKT-Norge

– Sårbart for manipulasjon

Valkvelden hadde Bergen kommune store problem med skannarane som skulle maskintelje stemmer frå heile kommunen.

– Det gjorde at vi måtte telje fleire krinsar fleire gonger og brukte meir tid, men det påverka ikkje resultatet. Vi er veldig trygge på det skanna resultatet, seier Marte Holm i Bergen kommune.

Aas er derimot skeptisk til å stole for mykje på maskinteljinga.

– Problemet er at det finnast utruleg mange måtar å manipulere eit val i Noreg på. Å stole blindt på datamaskinane gjer oss sårbare. Då vil vi ikkje oppdage manipulering.

Ho meiner det er vanskelegare å manipulere den manuelle tellinga, blant anna fordi den føregår fleire ulike stader valkvelden, medan alle stemmene er samla ein stad når dei skal maskinteljast.

– I Bergen stoler dei berre på maskinane og tel om og om igjen med dei.

– Eg er ikkje i tvil om at vi kan stole på maskinteljinga. Når vi tel på nytt med skannar får vi alltid identisk resultat, svarar Holm.