Hopp til innhold

Fekk sparken etter underslagssaka

Bergen kommune har sparka ein mann i 50-åra, som dei meiner har tilknyting til underslagssaka i vinter. – Pengane leda oss til vedkommande, seier kommunaldirektøren.

Bergen rådhus

MISTA JOBBEN: I går vart ein mann i 50-åra sparka av Bergen kommune. Mannen er mistenkt for å ha tilknyting til saka, der ein mellomleiar har vedgått underslag over nærare ti år.

Foto: Runa Victoria Engen

Mannen har forsøkt å reinvaske seg frå mistankar mot han sidan tidleg i vinter.

For oss i kommunen vart det naturleg å reagere i dag.

Kommunaldirektør Robert Rastad

Då vart ein større underslagssak rulla opp i Bergen kommune. Ein kollega av den no sparka mannen vart sikta for å ha gjort seg skuldig i underslag over ein periode på ti år.

I kjølvatnet av saka vart mannen i 50-åra meldt til politiet for å ha medverka. Mannen har heile tida hevda at han er uskuldig.

Fekk beskjeden i går

Tidlegare i vår vart han varsla om at mistanken mot han var styrka. Han fekk ei frist for å kome med informasjon som kunne endre på kommunen si vurdering av saka.

I går fekk mannen sparken med umiddelbar verknad.

– Vi har brukt veldig mykje tid og ressursar på å samle inn informasjon og kome så langt som mogleg i eigne undersøkingar, seier Robert Rastad, kommunaldirektøren i Bergen kommune.

– For oss i kommunen vart det naturleg å reagere i dag. Vi har allereie meldt mannen til politiet, og vil overrekke vårt materiale til politiet, seier Rastad.

Vil ikkje kommentere saka mot han

Før jul skal mannen i 50-åra ha levert frå seg dokumentasjon til kommunen, som han sjølv meinte kunne reinvaske han.

Han har nekta for alle skuldingar mot han, og heldt fram i stillinga si fram til nyttår.

NRK har snakka med mannen, som no har mista jobben etter fleire år i kommunen.

Vi har brukt fleire månader på å kome så langt vi kunne i våre eigne undersøkingar. Vi har undersøkt alle tips og påstandar i saka

Kommunaldirektør Robert Rastad

– Eg ynskjer ikkje å kommentere saka no. Dette er ei sak som vil gå føre seg framover, seier mannen.

Han har moglegheit til å klage på kommunen si avgjerd om å seie han opp.

– Vi følgde pengestraumen

Mistanken mot han kom då kommunen granska ei større underslagssak. Ein mellomleiar vart meldt til politiet 24. oktober i fjor, etter ein internkontroll i kommunen.

Mellomleiaren skal ha nytta seg av fiktive fakturaer. Han fekk fleire brukarar av kommunen sine tenester til å betale pengar rett inn på hans konto. Ifølgje BT skal sportskubben Brann ha vore blant dei som vart lurt til å betale fleire hundre tusen kroner.

Mellomleiaren la alle korta på bordet og tilstod underslag. Det skal vere snakk om opp mot seks millionar kroner over ein periode på ti år. Han hevda han jobba åleine, og at ingen andre visste om underslaget.

Vel ein månad seinare, i starten av desember, vart arbeidskollegaen i 50-åra meldt til politiet.

– Vi har følgt pengestraumen i den opphavlege underslagssaka. Då kom vi borti forhold som vi gjekk vidare på. Det var pengestraumen som leia oss til vedkomande, seier Rastad.

«Grovt tillitsbrot»

Kommunaldirektøren vil ikkje seie konkret kva mannen er mistenkt for.

– Slik vi ser det er dette eit grovt tillitsbrot, som skal etterforskast av politiet. Vi vil ikkje gå nærare inn på forholda, både fordi det er ei personalsak og fordi det er ei pågåande etterforsking, seier Rastad.

I pressemeldinga frå kommunen då dei melde mannen til politiet, skriv kommunaldirektøren at dei avdekka uavklarte økonomiske forhold. Det gav dei mistanke om at mannen kan ha medverka til underslaget.

– Desse to sakene dreier seg ikkje om identiske forhold, men denne saka har kome i kjølvatnet av underslagssaka, seier Rastad.

Kommunen har sett ned ei eiga gruppe som skulle granske alle dokument i saka.

– Vi har brukt fleire månader på å kome så langt vi kunne i våre eigne undersøkingar. Vi har undersøkt alle tips og påstandar i saka, seier Rastad.

No blir saka overlevert politiet for etterforsking.

Politietterforskinga dryger

Samtidig med at kommunen har drive si eiga gransking, er politiet langt frå ferdige med si etterforsking av begge sakene.

– Vi har byrja å sjå på sakene, men dei er ikkje ferdig etterforska. Akkurat no er det andre saker som er prioriterte fordi dei er eldre. Dette har med vår kapasitet å gjere, seier politiadvokat Anders Johnsen.

Bergen kommune skal ha informert den no tidlegare tilsette om kva hjelpetilbod han har, etter at han fekk sparken. Mannen i 50-åra er og informert om at han har rett til å klage på kommunen si avgjerd.

– Bergen kommune er part i saka og har tatt eit standpunkt mot han. Samstundes vil vi vareta han som person. Det føler eg at vi gjer, seier Rastad.