Hopp til innhold

Kommunen kan tena millionar på ny lakseskatt – men ordføraren er skeptisk

SV vil krevja 25 øre per kilo fisk produsert av oppdrettsnæringa. Lakseskatten kan gi mange kommunar millioninntekter, men forslaget møter motstand.

Laks i mære på SalMar på Frøya

TILBAKE: Kommunane vil ha tilbakført inntekter frå oppdrettsnæringa. SV kjem med eit nytt forslag til korleis det kan løysast.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Det er SV som har sett seg lei på at oppdrettsnæringa har skattefordelar som ikkje andre bransjar har. Det er bakgrunnen for at dei no foreslår ei ny lakseavgift.

– Oppdrettsnæringa har gått frå å vera ei lokal attåtnæring til å bli ein diger milliardindustri, med store eigarkonstruksjonar og multinasjonale selskap. Og dei lever nærast i eit skatteparadis i kommunane i Norge, meiner fylkesleiar Gina Barstad i Hordaland SV.

270 millionar til kommunane

Det var Klassekampen som først omtala avgiftsforslaget til partiet. Inspirert av Skottland vil SV at oppdrettsnæringa skal betala ein skatt på 25 øre per kilo produsert fisk, og pengane skal gå rett til kommunane som ekstrainntekt.

Finansdepartementet har rekna på kiloprisen til SV. Totalt vil skatten gi kommunane landet rundt totalt over 270 millionar kroner i årlege ekstrainntekter.

  • Sjå oversikt over kommunane som får mest nedst i saka!

I Hordaland, eit av fylka der det kryr av oppdrettsanlegg, vil 40 av desse millionane hamna. Kvinnherad får mest med over fem millionar kroner i året, medan Austevoll og Bømlo kan dra i land over fire millionar kroner.

Gina Barstad

LEI AV «SKATTEPARADISET»: Fylkesleiar Gina Barstad og resten av SV foreslår ein ny lakseskatt, inspirert av ein avgiftsmodell i Skottland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lite begeistra

Men Austevoll-ordførar Morten Storebø (H) hoppar ikkje i stolen av den grunn.

– Alt som smakar av nye avgifter og skattar er eg skeptisk til, seier Høgre-ordføraren.

Det har lenge vore diskutert kva oppdrettskommunane i Norge skal få igjen frå næringa. Fleire forslag har vore på bordet. Storebø foreslår å føra tilbake delar av selskapsskatten.

– Det er ein skatt som blir dratt inn i dag, men den er statleg. Med ei tilbakeføring til kommunane, vil ikkje dette auka skattebyrda på bedriftene, argumenterer han.

Morten Storebø

IKKJE IMPONERT: Austevoll-ordførar Morten Storebø (H) er av dei som vil få aller mest med SVs lakseskatt, men han vil heller ha andre løysingar.

Foto: Natalie Mariell Elholm

Havbruksfond

Ein av oppdrettsgigantane, Marine Harvest, har lite til overs for SV sitt skatteforslag. Kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland syner til Havbruksfondet, som Stortinget vedtok å oppretta i 2015.

I fondet skal inntekter frå sal av nye konsesjonar til oppdrettsnæringa, betalast ut til kommunane som legg til rette.

– No er det slik at Havbruksfondet berre gir tilbake 70 prosent til vertskommunane. Vi skulle gjerne sett at heile summen gjekk tilbake, seier Hjetland.

Vil ha årleg inntekt

Men mange meiner Havbruksfondet ikkje fungerer slik intensjonen var. Fusa-ordførar Atle Kvåle (Ap) meiner fondet fordrar vekst i næringa. Han ynskjer seg heller meir føreseielegheit.

Med SV sitt forslag vil kommunen hans få 2,3 millionar kroner i året.

– Eg vil heller ha ei årleg avgift, framfor ei innretning som baserer seg på vekst. Det vil kanskje vil gi pene beløp i nokre år, men null i inntekter i andre år, seier Kvåle.

– Føreseielegheit både for næringa og kommunane må vera veldig viktig når ein skal avgjera slike skattar og avgifter.

Kommunane som får mest med SVs lakseskatt

Fylke

Kommune

Inntekter med avgift à 25 øre/kg

Sør-Trøndelag

Frøya

11 872 313

Sør-Trøndelag

Hitra

8 168 200

Nord-Trøndelag

Nærøy

7 797 354

Finnmark

Alta

5 413 402

Møre og Romsdal

Smøla

5 381 628

Rogaland

Finnøy

5 278 904

Hordaland

Kvinnherad

5 038 202

Troms

Skjervøy

4 909 364

Hordaland

Austevoll

4 699 131

Nord-Trøndelag

Vikna

4 624 265

Ekspander/minimer faktaboks

SVs lakseskatt i Hordaland

Kommune

Inntekter med avgift à 25 øre/kg

Kvinnherad

5 038 202

Austevoll

4 699 130

Bømlo

4 062 772

Tysnes

2 914 540

Fusa

2 240 749

Øygarden

2 193 783

Kvam

1 917 781

Radøy

1 894 277

Osterøy

1 583 498

Sveio

1 543 453

Jondal

1 493 832

Lindås

1 439 859

Fjell

1 399 815

Sund

1 282 554

Fitjar

1 253 566

Os i Hordaland

950 620

Masfjorden

763 892

Etne

637 229

Austrheim

611 113

Askøy

543 211

Stord

407 408

Meland

339 507

Samnanger

271 605

Fedje

271 605

Vaksdal

203 704

Ekspander/minimer faktaboks
Laksemærer på Trøndelags-kysten Frøya

FÅR MEST: Frøya kommune i Sør-Trøndelag, er dei som vil få mest av alle, om SV sitt avgiftsforslag blir ein realitet.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix