Hopp til innhold

Kommunen sjekkar alle byggjesaker på skredstaden

Osterøy kommune vil vita kva for skredvurderingar som blei gjort i området der jordskredet tok liv torsdag.

Bygden Votlo på Osterøy etter ras

SJEKKAR: Kommunen gjennomgår byggjeløyva i Votlo for å sjå korleis skredfaren har blitt vurdert.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Me vil sjå på vurderingane som er gjort før ein fekk lov til å byggja i dette området. Det går ikkje å skru klokka tilbake, men me kan kanskje læra noko, seier ordførar Jarle Skeidsvoll i Osterøy.

Kommunetilsette har allereie starta jobben med å finna fram dei gamle byggjesakene. Etter kvart kan det bli aktuelt å sjekka andre nabolag på øya som ligg i bratt terreng.

Jarle Skeidsvoll

ORDFØRAR: Jarle Skeidsvoll (KrF).

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Osterøy vil finna ut kva for skredvurderingar, om nokon, som blei gjort før dei gav løyve til å byggja.

– Jordskredet er med på å setja søkjelyset på område som kan ha tilsvarande risiko, seier ordføraren.

Huset stod på fast grunn

Votlo rasområder

SKREDFARE: Det skraverte feltet syner kor geologane meiner det framleis kan gå skred. Huset nedst i hjørnet vart treft av skredet torsdag.

Foto: OSTERØY KOMMUNE

På Votlo, der 38 år gamle Kristine Anette Andersen omkom i eit jordskred torsdag, er mange av husa bygde på 1970- og 1980-talet.

– Dette med skredfare var ikkje ei like aktuell problemstilling for nokre tiår sidan, seier Skeidsvoll.

Huset som blei ramma, er av nyare dato og fekk ferdigattest midt på 2000-talet. Det står på fast grunn. Men i bakkant av huset er det gammal slåttemark, og det var den som raste inn i huset torsdag morgon.

votlo

Nye krav

Etter jordskredet på Hatlestad terrasse i Bergen i september 2005, der tre personar omkom, kom det nye krav om å gjennomføra risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for alle nye byggjeprosjekt.

I tiåra før, spesielt i etterkrigstida då mange småbruk blei lagt ned og omregulert til boligformål, fekk mange byggja hus på område som tidlegare var utmark eller slåttemark, utan at skred- eller flaumrisikoen blei grundig sjekka.

I Osterøy er kommunen i ferd med å avslutta eit stort, overordna ROS-arbeid for heile kommunen. Formålet er å kartleggja omfanget av skred- og flaumutsette bustader.

Dette er dei lovpålagd å ha etter forskrift om kommunal beredskap som blei vedtatt i 2011.

Geologane som har vore på Votlo, har fastslått at dei må sjekka heile området for å vurdera skredfaren. Bebuarane i to hus er framleis evakuerte, i tillegg til ulukkeshuset. Dei får ikkje flytta heim i helga.

– Det er ustabilt på grunn av mykje vatn i jordsmonnet etter alt regnet dei siste dagane. Når nedbøren gir seg over helga, vil det tørka og stabilisera seg, sa senioringeniør i NVE, Svein Arne Vågane, til NRK fredag.