Hopp til innhold

Kommunen vil punge ut for ny flaumsikring

Nortura meiner Voss kommune er ansvarlege for skadane lokala deira fekk etter flaumen i 2011. Det ikkje aktuelt med søksmål etter årets flaum, seier dagleg leiar i Nortura: – Årets flaum var umogleg å forhindre.

Nortura Evanger

NORTURA: Spekematprodusenten Nortura har vore råka av fleire flaumar dei siste åra. No betalar truleg Voss kommune for ny flaumsikring. Biletet er frå Nortura etter flaumen i 2014.

Foto: NRK

I 2011 blei lokala til spekematprodusenten Nortura på Evanger i Voss kommune flaumskadde. Nortura og forsikringsselskapet deira, Tryg forsikring, meiner kommunen er ansvarlege for skadane og har kravd erstatning frå kommunen.

Denne veka møttest dei to partane til tvistesak i Nordhordland tingrett. I dag enda tvisten med eit forlik: Voss kommune må truleg betale for nye flaumsikringstiltak.

NVE skal dekke 80 prosent av flaumsikringstiltaka. Eigendelen på 20 prosent dekker no Voss kommune. Men berre viss dette blir godkjent i kommunestyret.

Opp til kommunestyret

ovesvømmelse

SKAL SIKRAST: Ny flaumsikring skal på plass i Voss kommune for å unngå nye flaumskadar. Biletet er frå flaumen i oktober i 2014.

Foto: Bente Jorunn Sunheim

Då Vangsvatnet blei senka i 1991 for å førebyggje flaum, var det med på å redusere flaumrisikoen kring Vangsvatnet. Men tiltaket har òg gjort at ein har fått meir vatn nedanfor Bulken, seier Rune Nilsen Stiegler i Tryg forsikring.

– Voss kommune var ansvarleg for tiltaket, og difor meiner me dei er ansvarlege for skadane Nortura fekk etter flaumen i 2011.

Ifølgje avisa Hordaland som fyrst omtalte saka, inneber forliket at Voss kommune skal bidra med 420.000 kroner for å dempe skadane ved framtidige flaumar på Evanger. Total kostnad for prosjektet er 2,1 mill kr, der NVE rutinemessig dekkjer 80 prosent sjølve.

I forliksavtalen vert det presisert at forliket ikkje inneber at Voss kommune erkjenner ansvar.

NRK har ikkje komme i kontakt med ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb. Til avisa Hordaland kallar ordføraren forliket ei god og framtidsretta løysing. Han seier kommunestyret etter all sannsynlegheit vil godkjenne avtalen.

– Me er ein uskuldig tredjepart

fabrikksjef

FORNØGD: Dagleg leiar i Nortura, Bente Jorunn Sundheim, er glad for at kommunen tek på seg å betale for flaumsikring.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me er veldig glade for at kommunen tek på seg å betale dette. Sjølv ser me på oss som ein uskuldig tredjepart i denne saka, seier dagleg leiar i Nortura, Bente Jorunn Sundheim.

Saka kjem truleg opp i kommunestyret 10. eller 11. desember. Seier kommunestyret då nei, held tvisten fram.

I forliksavtalen forpliktar Voss kommune seg òg til å sjå etter at flaumsikringstiltaka frå NVE blir gjennomført så raskt som mogleg.

– Det viktigaste for oss har vore å forsikre oss om at nye flaumsikringstiltak vert gjort, seier Stiegler i Tryg forsikring. Det er ein fordel både for oss og for kunden vår Nortura.

– Årets flaum var umogleg å forhindre

Då flaumen slo gjennom Voss i oktober, blei Nortura igjen hardt råka av flaum. Vatnet kom seg inn i produksjonslokale og fylte fabrikken med vatn. Mellom anna måtte fem tonn pinnekjøtt kastast.

LES MEIR: Må kaste fem tonn pinnekjøt

Sundheim seier dei ikkje er aktuelt å krevje erstatning frå kommunen etter årets flaum.

fabrikk

NORTURA: Spekematprodusenten Nortura på Evanger i Voss kommune fekk store mengder vatn inn i produksjonslokala under flaumen i oktober.

Foto: Bente Jorunn Sundheim

– Nei, denne flaumen var så stor at det ikkje var mogleg å forhindre desse skadane.

Også Stiegler i Tryg forsikring seier at flaumen i 2011 ikkje kan samanliknast med storflaumen som råka Voss i oktober.

– Årets flaum er heilt annleis. Den var enorm og sette fleire nye rekordar. Så årets flaum kan ikkje me seie skuldast flaumsikringstiltaka frå 1991. Sikringa av Vangsvatnet har fyrst og fremst noko å seie for mellomstore flaumar, som den i 2011.

LES OGSÅ: Oversikt over skadane etter oktoberflaumen.