Først tok staten tilbake Wigdis sin jobb – så kom ekstrarekninga

STORD (NRK): 237 skattekontor blir borte frå norske kommunar neste år. Berre på Stord kuttar staten 1,1 millionar kronar meir enn det flyttinga kostar.

Skatteoppkrevjar Wigdis Sagvåg

USIKKER FRAMTID: Skatteoppkrevjar Wigdis Sagvåg på Stord veit ikkje kor ho kjem til å jobbe til sommaren når skatteetaten blir sentralisert.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg reknar eigentleg med at dette er feil, seier ordføraren på Stord, Gaute Straume Epland (Ap).

Kommunen mister 3,5 årsverk når kemneren til neste år flyttar ut av norske kommunar.

Men ikkje nok med det.

Ifølge ordføraren tapar i tillegg Stord 1,1 millionar kroner i tilskot som har følgd med.

– Dette forverrar eit allereie stramt budsjett, og me må henta desse pengane frå område som allereie er under press, seier ordførar Gaute Straume Epland.

Det er i dag 237 kommunale skatteoppkrevjingskontor rundt om i landet, men frå neste sommar er dei vekke, når regjeringa vil overføra skatteoppkrevjinga til Skatteetaten.

Og Stord kommune er ikkje åleine om å få ein skattesmell.

Flyfoto av Leirvik og Stord

FORSVINN: Stord kommune kjem dårleg ut når staten skal fordele reknestykket for flytting av skattekontor.

Foto: Harald M. Valderhaug

Mistar tilskot

Totalt blir nesten 1300 årsverk påverka. Men fleire kommunar er også blitt overraska over dei økonomiske konsekvensane.

Når kommunane mistar skatteoppkrevjaren, mistar dei også tilskot som har følgd med.

Pengetrekker slår ulikt ut. Nokre kommunar blir trekte meir enn det dei har brukt på skatteoppkrevjaren, medan andre blir trekte mindre.

Epland og rådmannen har no sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Der påpeikar dei at uttrekket er større enn det kommunen tener på å kutta oppgåva, og oppmodar departementet om å sjå på saka på nytt.

– Eg reknar med at det ikkje var slik regjeringa skulle spara pengar ved å legga om skatteoppkrevjinga, seier Epland.

Gaute Straume Epland (Ap).

REAGERER: Stord-ordførar Gaute Straume Epland meiner det er problematisk at kommunane må ta kostnaden når regjeringa vil spare pengar på å legge ned kemnerkontora.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Avviser reknefeil

Statssekretær Lars Jacob Hiim i Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar at det er fleire kommunar som har tatt kontakt fordi dei taper pengar på omlegginga.

– Dette uttrekket frå overføringane vil slå urettferdig ut for nokre kommunar, vedgår Hiim, men viser til at uttrekket er gjort slik det skal.

Kostnadene knytte til skatteoppkrevjinga er nemleg samla inn frå alle kommunar, og det er den samla summen som ligg til grunn for å rekna ut kor mykje kvar enkelt kommune mistar i overføringar.

– Uttrekket frå kvar enkelt kommune blir rekna ut frå ulike kriterium, som til dømes storleik og kor mange som bur i kommunen. Dette er den vanlege måten å gjera slike uttrekk på, ifølgje Hiim.

Ole Jacob Hiim

VANLEG MÅTE: Statssekretær Lars Jacob Hiim seier det ikkje er gjort noko uvanleg i måten kommunane har blitt trekte i pengar.

Foto: Torbjørn Tandberg

– Urimeleg

Interesseorganisasjonen til kommunane, KS, er samd i at dette er ein vanleg måte å rekna på når kommunar får endra oppgåver.

Dei påpeikar likevel at det er viktig å sjekka uttrekket frå kommunane, og sikra at summen som er trekt er rett.

Ordføraren på Stord synest ikkje forklaringa til departementet held mål.

– Det er urimeleg at nokre kommunar må betala rekninga for at kommunane mistar oppgåver, meiner han.