Hopp til innhold

Kommunen vil ikkje hjelpe Dirk til Syden

I over 30 år har Bergen kommune blitt med utviklingshemma på ferie til utlandet, men no er det plutseleg slutt. – Heilt urimeleg, rasar pårørande.

Dirk Martin på ferie

SISTE FERIE: Dirk Martin Nijs får ikkje reise på ferie lenger. Kommunen meiner det er for dyrt å sende med dei tilsette.

Foto: Privat

– Vi vanlege kan ta ut fem veker ferie og reise på tur, og så skal ikkje desse få lov til det, som er ei svak gruppe, seier Johnny Karlsen.

Bror hans, Steinar Karlsen, er utviklingshemma og har betalt for feriane sine sjølv dei siste 30 åra.

Men fordi 53-åringen treng tilsyn heile døgnet har også tilsette frå bufellesskapet vore med. Det har kommunen i alle år betalt – heilt til i år.

– Han lever på dette. Det er den vesle gulrota han har, fortel Steinar.

Kommunen vil ikkje sende med folk

I ein anna leilegheit i bukollektivet besøker Kristin Nijs broren sin, Dirk Martin. Ho får mange klemmar og kyss frå broren som manglar språk.

– Turane har vore eit høgdepunkt. Han spør etter det, og når våren kjem veit han at det er greier på gong. Det er ei viktig investering i hans fysiske og psykiske helse, seier Nijs.

Nijs synest det er urimeleg at dei utviklingshemma ikkje får reise på ferie, når familien betalar både for broren og assistentane.

For no er det slutt. Bergen kommune har no bestemt at dei ikkje lenger har råd til at Steinar og Dirk kan reise på tur. Årsak: Det blir for lange arbeidsdagar for kommunen sine tilsette.

Steinar og Johnny Karlsen

NEDTUR: Johnny Karlsen har enno ikkje tora å fortelje Steinar at det ser mørkt ut for ferie i år.

Foto: Siri Løken / NRK

Fekk nyleg beskjeden

I stova i kommunen sitt bufellesskap på Laksevåg ser brørne på bilete frå fjorårets tur til Gran Canaria.

– Eg likar å symje og plaske, fortel Steinar.

Familien har nyleg fått beskjed om at det ikkje blir ferietur i år.


Slik svarar kommunen

Steinar Karlsen og Dirk Martin Nijs

SKUFFA: Steinar Karlsen og Dirk Martin Nijs får ikkje reise på ferie lenger. Kommunen meiner det er for dyrt å sende med dei tilsette.

Foto: Siri Løken / NRK

– Å få med personal frå bufellesskapet på ferie er ei tilleggsteneste, seier Ole-Daniel Virkesdal, leiar for etat for utviklingshemma i Bergen kommune.

Psykisk utviklingshemma i bufellesskap er ofte avhengige av tilsyn døgnet rundt.

Ifølgje Virkesdal gjeld dette over 100 utviklingshemma i Bergen. Han seier ordninga er for kostbar, og at det er problematisk for dei tilsette.

– Å reise på tur krev mykje personal for å få ei lovleg arbeidstidsordning, seier Virkesdal

Dirk Martin og Kristin Nijs

VIL REISE: For Dirk Martin Nijs er ferien årets høgdepunkt. Her saman med syster Kristin Nijs.

Foto: Siri Løken / NRK

Politisk avgjersle ikkje tatt

Dei tilsette i bufellesskapet på Laksevåg seier dei ikkje kan uttale seg om saka.

Men fleire seier anonymt til NRK at dei meiner ferieturane skapar betre livskvalitet for bebuarane, og at det er uproblematisk for dei tilsette å reise.

Saka ligg no på bordet til helsebyråd Rebekka Ljosland.

– Eg er gjort kjend med at det er gått ut ei administrativ melding om at dei ikkje kan reise på ferie, men det er ikkje noko vi har bestemt politisk. Vi vil raskt finne ut korleis vi kan løyse dette på best mogeleg måte, seier Ljosland.

Rebekka Ljosland

RASK AVKLARING: Helsebyråd Rebekka Ljosland seier det raskt vil kome ei politisk avgjersle i saka.

Foto: Alrik Velsvik/NRK