Kommunen krev at populær tursti blir dekka med jord: – Heilt hòl i hovudet

YTREBYGDA (NRK): Politikarane vil at Bergen skal bli «gåbyen» med gode gang- og sykkelvegar og turvegar i nærmiljøet. Men no krev kommunen at ein mykje brukt skogsturveg blir fjerna.

Lars Kristian Helming

MOTVILLIG HJELP: Lars Kristian Helming og andre naboar har hjelpt grunneigaren som er pålagt å dekka den tre kilometer lange turstien med jord og torv.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Folk på Grimstad i Ytrebygda bydel i Bergen protesterer mot å mista den populære turstien sin gjennom det dei kallar «Oveskogen». Den tilrettelagde turstien går i ei sløyfe gjennom skogen og over myrene i området nord for Bergen lufthavn.

I mange år har den gruslagde, smale turvegen blitt brukt til rusleturar, ridetrening og sykling. Men så kom kommunen på tilsyn og kravde at grunneigaren fjernar stien, fordi han i si tid verken hadde søkt eller fått løyve til å laga stiar i området.

Protestar

Grunneigaren sjølv ønsker ikkje å bli intervjua. Med trugsmålet om dagbøter har han no med hjelp frå naboar starta å dekka turvegen med jord og torv.

– Dette er ei stor belastning for dei som er råka, seier naboen hans, Lars Kristian Helming.

Turgåar med hund på skogssti i Bergen

ROLEG STAD: Gro Havre er kritisk til at turstien ho er så glad i, må bli fjerna.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Han og mange andre i området protesterer mot at eit populært friluftstilbod skal bli øydelagd.

– Det er heilt hòl i hovudet. Kommunen lagar planar om gang- og sykkelvegar og turvegar for å få folk ut i naturen i nærområda sine. Og så må me rasera dei stiane me allereie har.

Han hevdar at det å byggja desse stiane ikkje var søknadspliktig då dei vart laga for fleire tiår sidan.

Stoppar rullator og krykker

Helming går bortover skogsvegen ved sida av ein 80-åring som køyrer rullatorbil. Den eldre mannen har for vane å køyra tur på denne stien, men no går det ikkje. Bruer er fjerna, og delar av stien graven ned.

Lars Kristian Helming

FULL STOPP: Lars Kristian Helming konstaterer at naboen med rullatorbil ikkje lenger kan bruka turvegen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gro Havre kjem forbi med hunden sin.

– Det er ein roleg, nydeleg tursti som eg brukar så ofte eg kan. Eg plukkar bær og sopp. Det er veldig godt å gå her, og synd at den blir fjerna, seier ho før ho går forsiktig over det ujevne torvlaget som no «stenger» ein del av grusvegen.

Sigrun Ask kjem hinkande på krykker for å seia kva ho syns om saka.

– Det er veldig strengt av kommunen viss desse stiane skal bli stengt. Det er trist, for mange brukar området kvar dag. Høvet til å gå turar er ein viktig grunn til at eg bur her. No når eg trenar meg opp på krykker, kan eg ikkje gå der eg pleier.

Sigrun Ask

VANSKELEG: Sigrun Ask går no på krykker, og kan ikkje bruka stien når den no blir dekka til og bruer fjerna.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Paradoks

Sola glitrar mellom trestammane. Bak ein liten bakketopp går den gruslagde stien over ei stor myr, men her har mykje av vegen no blitt dekka til for å bli sådd til.

– Det er ein håplaus situasjon. Politikarane må stoppa dette. Her lærer born å sykla, folk i rullestol er på tur, speidarar overnattar i lavvo, folk luftar hunden eller rir hest, seier Helming.

Utan løyve

Avdelingsleiar Ulf Sæterdal i plan- og bygningsetaten skriv i eit svar til NRK at det er:

«utført arbeider knyttet til vegene med mellomlagring av stein, påfylling av masser og utfylling i elv/vassdrag med rør av et slik omfang at dette krever søknad og tillatelse. (..) Det er vanskelig å se at retting av forholdene som er beskrevet i pålegget er i konflikt med allmenhetens ferdselsinteresser i området.»

Ulf Sæterdal

REVURDERING: Avdelingsleiar Ulf Sæterdal ved plan- og bygningsetaten seier Bergen kommune vil sjå på saka på nytt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ny vurdering

Men kommunen ser kanskje paradokset. Dei vil ta ei ny synfaring og vurdera saka på nytt. Dagen etter seier Sæterdal:

– Me har lagt til grunn at dette er vesentlege terrenginngrep som skulle vore søkt om før arbeida starta. Men det er ikkje sikkert det er naudsynt å gå altfor langt i å ta vekk den massen som er lagt ut.

– Er de i ferd med å snu i saka?

– Det er ikkje rett å seia at me snur, men me vil sjølvsagt vurdera det, for me syns generelt det er positivt at folk er ute i naturen og brukar skog og mark.