Hopp til innhold

Kommunen klagar over at dei får for få flyktningar

Byrådet i Bergen vil ha dobbelt så mange, og er lite nøgd med at dei berre skal ta imot 200 flyktningar og asylsøkjarar i år. No legg dei press på regjeringsforhandlingane.

Byråd Erlend Horn (V)

VIL HA FLEIRE: – Det er synd at Noreg tar i mot så få, meiner byråd Erlend Horn (V), som vil ha fleire flyktningar og asylsøkjarar til Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I år har norske kommunar blitt bede om å ta imot 4400 flyktningar i 2018.

Talet frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) er langt færre enn dei siste åra, og berre halvparten av kommunane er blitt spurde.

Til samanlikning busette kommunane om lag 10.000 flyktningar i 2017.

Bergen kommune har fått spørsmål om å ta imot 200 flyktningar i år. Alt for få, meiner kommunen sjølv.

– Me kan klara minst dobbelt så mange, seier sosial- og integreringsbyråd Erlend Horn i Venstre.

Vil ha dobbelt så mange

Kommunane har svarfrist 6. januar på årets oppmoding frå Imdi.

Svaret frå byrådet i Bergen er at dei ønsker å ta i mot langt fleire enn dei 200 som IMDi har bede om.

– Det er rekordlåge oppmodingar til kommunane i landet, sjølv om talet på flyktningar i verda er enormt. Det er synd at Noreg vil ta i mot såpass få samanlikna med tidlegare.

Dessutan er byrådet kritisk til at oppmodingane varierer så sterkt og uføreseieleg.

I 2015 blei kommunane bedne om å styrka kapasiteten kraftig i samband med flyktningkrisa. Både Bergen og mange andre kommunar bygde då opp kapasiteten på busetjing og introduksjonsprogrammet for innvandrarar.

Bergen vedtok å ta i mot 700 både i 2016 og 2017, og klarte til saman litt over 1000.

– Staten bad oss ta i mot rekordmange, og me auka kapasiteten. Då er det eit paradoks at me nå skal ta i mot eit rekordlågt tal, når behovet i verda er stå stort, seier Horn.

Landås asylmottak.

MANGE PÅ KORT TID: Bergen kommune oppretta under flyktningkrisa i Syria hausten 2015 eit stort asylmottak på Landås og busette 1000 på to år. No er mottaket lagt ned.

Foto: Fayruz Sado / NRK

– Unødvendig uføreseieleg

Sjølv om flyktningstraumane er uføreseielege, meiner han staten må gi kommunane meir stabile bestillingar.

– Når me skal planlegga storleiken på introduksjonsprogramma, språkopplæringa og bustadbehovet, treng me å få sjå meir enn eitt år fram i tid.

Halwan Ibrahim er direktør for busettings- og kvalifiseringsavdelinga i Imdi.

– Me har forståing for at kommunane har bygt opp eit apparat og ønsker å utnytta det. Samstundes er behovet mykje lågare no enn dei to siste åra, seier han.

Halwan Ibrahim

TRENG IKKJE FLEIRE: – Det er truleg ikkje behov for fleire enn 200 flyktningar i Bergen i 2018, seier direktør Halwan Ibrahim i IMDi.

Foto: NRK

Ibrahim viser til regjeringa for det politiske spørsmålet om kor mange Noreg skal ta imot.

– Og dersom behovet aukar, kjem me eventuelt tilbake til kommunen med ei ny oppmoding.

Spent på regjeringsforhandlingane

Venstre står midt i regjeringsforhandlingar med Høgre/Frp-regjeringa.

Der håpar byråd Horn håpar partileiinga hans får gjennomslag for ein meir liberal innvandringspolitikk.

– Det er ei viktig sak for Venstre å ta i mot fleire flyktningar, så eg er veldig spent på desse forhandlingane.

Soverommet på mottaket
Foto: OLE-ANDRÉ LAGMANDOKK / NRK