NRK Meny
Normal

Kan ha brutt alkohollova under The Tall Ships Races

Før The Tall Ships’ Races tok Bergen kommune skjenkeareal frå utestader, og leigde dei ut dyrare under arrangementet. I tillegg kravde dei at utestadene berre selte Hansa på uteserveringa.

Bryggen uteservering Tall Ships Races

KOMMUNEN BRAUT LOVA: Bergen kommune tok, før The Tall Ships’ Races, skjenkeareal frå utestader, og leigde dei ut dyrare under arrangementet. I tillegg kravde dei at utestadene berre selte Hansa, og kommunen tente sjølv seks kroner per liter Hansa som vart selt.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

På førespurnad frå Bergens Tidende har Helsedirektoratet gått gjennom kontrakten Bergen kommune hadde med utestader i samband med The Tall Ships’ Races.

Før The Tall Ships’ Races inndro Bergen kommune uteområder som utestadene på Bryggen leiger fast, og leigde dei ut til utestadene dyrare under arrangementet.

I tillegg sette kommunen eit krav om at utestadene berre skulle selje Hansa på uteområda dei leigde ut, i perioden The Tall Ships’ Races vart arrangert.

Kommunen tente pengar på øl

Tall Ship Races folkemengde

MANGE FOLK: Bergen kommune tjente seks kroner per liter Hansa-øl som vart selt under The Tall Ships’ Races.

Foto: Eivind Senneset / Tall Ships Races

Sjølv fekk kommunen seks kroner per liter øl som vart selt på uteområda dei leigde ut.

Det er avdelingsdirektør Hilde Skyvulstad i Helsedirektoratet som på generelt grunnlag uttaler seg i saka til BT.

Ho seier at dersom ein kommune har gitt bevilling, så kan dei inndra denne dersom den som har fått bevillingen ikkje oppfyller plikter og reglar.

– Men, ein kommune kan ikkje mellombels inndra ei bevilling for eit areal, og deretter innvilge ein anna løyve på det same arealet, seier Skyvulstad til BT.

Likevel kan kommune stille vilkår knytt til bevillinga, som til dømes vakthald.

– Men, vilkåra må ikkje vere urimelege. Dei må støtte formåla til alkohollova, og kommunen kan ikkje pålegge utestader å nytte bestemte leverandørar, seier Skyvulstad.

Ho påpeikar at ein arrangør av eit arrangement kan gjere avtalar med enkeltleverandørar, men sidan det i dette tilfellet er kommunen som er arrangør, så handlar det om lov om offentlege anskaffingar.

Dette fell ikkje unn under Helsedirektoratet sitt område.

Kommunen hadde to hattar

Ein kommune som bevillingsmyndigheit kan ikkje krevje inntekt frå ølsal, men som arrangør av eit arrangement er dette annleis.

Grunna avtalen med Hansa, tente Bergen kommune meir pengar jo meir Hansa-øl som blei selt, samtidig som kommunen kontrollerer at alkohollova vert følgt.

Skyvulstad påpeikar at formålet med alkohollova er å størst mogeleg avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skadane alkoholbruk kan føre med seg, men seier òg at Helsedirektoratet mellombels ikkje kjem til å involvere seg i saka.

– Dette gjeld ein kommunal bevilling, og då er det kommunen som skal føre tilsyn. Dersom nokon ynskjer å klage på vedtaket til kommunen, så skal dei klage til kommunen, og saka går deretter vidare til Fylkesmannen, seier Skyvulstad.

Ingen krav frå Hansa

Salsdirektør i Hansa Borg Bryggerier, Lasse Eliassen, seier dei har gitt eit tilbod basert på rammer kommunen presenterte.

– Me har ikkje stilt krav til kven, eller kvar, produkta våre skal seljast. Me har halde oss til dei areala som vart presentert frå The Tall Ships’ Races, seier Eliassen.

– All dialog i forhold til areal har vore ført direkte mellom The Tall Ships’ Races, og den enkelte drivar for dei aktuelle areala, så dette er eit forhold som arrangøren og Bergen kommune må svare på, seier han.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik