Kommunen hans kan få 75 prosent fleire innbyggjarar

Nye tal syner at folketalet i Hordaland vil auke med 160.000 dei neste 20 åra. Størst auke er det venta å bli i Meland kommune.

Nils Marton Aadland

STØRST AUKE: Ifølgje den nye folketalsprognosen frå fylkeskommunen kan Meland vente seg ei folketalsauke på opp mot 75 prosent dei neste tjue åra.

Foto: Arthur Kleiveland

Innan 2035 vil talet på hordalendingar ha stige med om lag 160.000 frå i dag, ifølgje folketalsprognosen til Hordaland fylkeskommune som blei lagt fram i dag.

Det er kommunane i området rundt Bergen som vil få den kraftigaste auken i åra som kjem. Spesielt i Meland kommune, der folketalet vil vekse med 74,3 prosent innan 2035, dersom prognosen slår til.

– At Meland får ein folkevekst i åra som kjem, er ikkje overraskande. Ein så stor vekst er betydeleg, men det er ei utfordring me tek og alt er i gong med å planlegge for, seier ordførar i Meland kommune, Nils Marton Aadland.

Nedgangstider kan stogge veksten

Like etter Meland vil kommunane Os, Sveio og Øygarden ha den største auken fram mot 2035, med ein vekst på over 50 prosent i folketalet, ifølgje prognosen.

Tom-Christer Nilsen

Fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Men nedgangstider i industrien kan stogge veksten i folketalet. Ifølgje prognosen er det ei klar samanheng mellom ordretilgangen for eksportindustrien og tilflyttinga til fylket.

– Me må sørge for gode konkurransevilkår for industrien. For Hordaland vil det alltid vere å sørge for betre infrastruktur, for eksempel ferjefri E39 og andre løysingar som reduserer transportkostnadane for industrien, ein av våre store ulemper, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Dersom eksportindustrien klarar å halde på høg ordretilgang, til trass for redusert aktivitet i industrien, er det venta at Hordaland vil kunne nå så mykje som 700.000 innbyggjarar innan 2035.

LES OGSÅ: Søviknes takker innvandrere for vekst i næringslivet

Legg opp til 3.000 nye bustadar

Med ei så stor auke i folketalet, vil Hordaland trenge 74.000 nye bustadar.

I Meland kommune er dei alt i gong med å planlegge for tilflyttarane som kjem frå Bergen med 3.000 nye bustadar. Også fylkesordførar Tom-Christer Nilsen meiner dei skal klare å bygge ut for den venta folketalsauken.

– Me er i gang med ein plan for å finne areal for ny bustadbygging i bergensområdet. Kommunane rundt Bergen er også svært attraktive som bustadområde, på grunn av den nære avstanden til arbeidsmarknaden og ikkje minst gode bustadforhold.

LES OGSÅ: Er høyere og tettere løsningen for Bergen?